Vi søkjer ei trygg og omsorgsfull sjukepleiar til natt!
BUP Haugesund, Helse Fonna HF
- Frist 10.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du gjere ein forskjell for barn og unge som treng oss aller mest? 🌼
Vi har no ledig ein 50% fast stilling som sjukepleiar, som for tida er knytta til natt.
Her på BUP møter du barn og ungdom i krevjande livssituasjonar, og du spelar ei viktig rolle i å skape struktur, tryggleik og håp i kvardagen deira.
Vi søkjer deg som vil vere med på laget vårt ved BUP døgnpost, som er delt inn i to fløyer: Post Nord for barn frå 6 til 13 år og Post Sør for ungdom frå 12 til 18 år. Døgnposten har akuttfunksjonar og betener heile Helse Fonna-regionen. Les meir om oss her: https://www.helse-fonna.no/avdelinger/bup-helse-fonna/om-bup/
Hos oss jobbar allereie mange dyktige, rause og hyggjelege kollegaer 💙 Vi veit at god behandling krev meir enn rett metode - det krev også varme, tålmod og evne til å sjå kvar enkelt. Hos oss blir du del av eit engasjert tverrfagleg team som støttar kvarandre, deler kunnskap og samarbeider tett med både familie og nettverk rundt pasientane.
Eininga er i gang med å implementere Blakstadmodellen for grunnleggjande miljøbehandling, og arbeider systematisk for å byggje ein felles fagleg praksis. Vi legg stor vekt på recovery-orientert tilnærming og ser etter ein ny kollega som ønskjer å vere ein del av dette fagmiljøet.
👉 Høyres detta spennande ut, ser vi fram til å motta din søknad! Vil du vite meir? Ta gjerne kontakt på e‑post eller telefon.
Kva går jobben ut på?
- Bidra til tryggleik og kontinuitet for pasientane gjennom natta, med fokus på ro, omsorg og tilgjengelegheit.
- Sikre gode observasjonar og dokumentasjon.
- Medverke i vurderingar, utgreiing og behandling saman med lege og psykolog.
- Delta aktivt i tverrfagleg samarbeid, inkludert vaktbytte før og etter vakta.
- Vere ein del av beredskapen saman med legane i vaktlaget ved akutte hendingar om natta.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Vi søkjer sjukepleiar med norsk autorisasjon
- Erfaring frå arbeid med barn og unge, psykisk helsevern og rusomsorg er ønskjeleg.
- Vidareutdanning innan feltet kan vere ein fordel.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- er ansvarsbevisst
- er pasientorientert
- har gode samarbeidsevner
- viser fleksibilitet og er open for endringar
- viser engasjement og nysgjerrigheit for faget
Personlege eigenskaper vert vektlagd.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- God opplæring og blir tatt godt imot.
- Bruke deg sjølv - både som fagperson og medmenneske.
- Høgt fagleg nivå.
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst, medlemsskap i pensjonsordning, 2 % pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Georg Walter Reinhardt, Avdelingsleiar | Overlege, 52732850Marit Elise Lier, Funksjonsleiar| Sjukepleiar, 52732850
Lene Elisabeth Nordtveit, Sekretær, 52732850, lene.elisabeth.nordtveit@helse-fonna.no
Gabrielle Leah Dickson, Konsulent, + 47 41889114, gabrielle.leah.dickson@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Vinjes gate 105522 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5099022694
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 10.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 460643324
- Sist endret

