Brannkonstablar
Masfjorden kommune
- Frist 25.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Om stillinga
Kriterier som vert vektlagt
Me tilbyr
Gulen og Masfjorden brann og redning er organisert med 7 stasjonar og ca. 70 deltidsmannskap.
Stasjonane er plasserte i Duesund, Sandnes, Matre, Eivindvik, Brekke, Byrknes og Dalsøyra.
Det er ledig stilling ved Byrknes-, Eivindvik- og Sandnes stasjon.
Stillingane utgjer omlag 1,5%, og godtgjering for utrykking følgjer av SFS2404 Brann- og redningsteneste. Med bakgrunn i beredskap er det eit krav at tilsette er busett i kommunane Gulen eller Masfjorden.
Kriterier som vert vektlagt
- Arbeidsstad og/eller bustad i nærleiken av brannstasjonen
- Utdanning som brannkonstabel
- Gode samarbeidsevner
- Førarkort klasse C
- Utrykkingssertifikat (kode 160)
- Utdanning/erfaring frå helsefag, ambulansefag eller liknande
- Anna relevant utdanning/erfaring
Søkar som vert tilsett må ta helseattest, samt vere førebudd og bestå ein årleg fysisk test.
Søkar må ha godkjenning frå hovudarbeidsgjevar før tiltreding.
Trykk knappen "Søk stillinga". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
Me tilbyr
- 1,5% stilling og godtgjering for utrykking etter SFS2404 Brann- og redningsteneste.
- Fast godtgjering for å bære radio, samt tillegg for pålagte øvingar
- Ei stilling som har et svært viktig samfunnsoppdrag
- Utdanning i regi av Norges Brann og redningsskole
Annonseinformasjon
- FINN-kode 460639347
- Sist endret
