Vil du bli vår nye matros?
Maritim Drift, Fjord1 AS
- Frist 4.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi søker etter matros på sambandet Seivika-Tømmervågen
Som matros blir du ein viktig del av drifta om bord, med ansvar for fleire sentrale oppgåver som passasjerhandtering, billettering, sikkerheitsarbeid og vedlikehald.
Fergestrekninga Seivika-Tømmervåg er ei viktig sambandsline på Normøre, med stor betydning for lokalsamfunn og næringsliv. Arbeidsdagen om bord varierer etter trafikk, vêr og drift, og gir ein kvardag som er både allsidig og lærerik. Tempoet er høgt, men oversiktleg og trygt – noko som gjer at du får brukt erfaringa di, lærer mykje nytt og raskt blir trygg på både fartøy og rutinar. Dette gir gode moglegheiter for deg som ønsker å utvikle deg vidare i faget.
I denne stillinga jobbar du 1 veke på og 1 veke fri - ei ordning som gir god balanse mellom jobb og fritid. I arbeidsperiodane har du mogleghet til å bu om bord.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Arbeidsoppgåver
- Bruvakt, billettering og forefallande arbeid om bord
- Gjere seg kjent med sikkerhetsstyringssystemet
- Oppgåver iht. alarminstruks
- Verne- og miljøarbeid
- Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
- Kundebehandling
- Andre arbeidsoppgåver gitt av overordna
Kvalifikasjonar
- Ferdighetssertifikat Matros
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med tett samarbeid og har fokus på tryggleik og god service. Du bør ha vilje til å lære, stå på når det trengst og bidra til eit positivt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjømannsforbund
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter , treningstøtte, behandlingsforsriking og gode rabattordningar
- Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår!
- Skiftordning: 1 veke på, 1 veke fri.
- Ein kan bu ombord i arbeidsperioden
Kontaktinformasjon
Jill Mari Juberg, Rekrutteringsmedarbeider, +47 +4794082518Arbeidsstad
6517 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5114687803
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 460635118
- Sist endret



