Kyrkjelydspedagog vikar inntil 70% stilling i eit år
Hjelmeland Kyrkjelege Fellesråd
- Frist 7.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vi har behov for vikar som kyrkjelydspedagog/kyrkjelydsarbeidar/kateket inntil 70% stilling i eitt år frå 01.08.26.
Kyrkjekontoret ligg i Hjelmeland sentrum.
Arbeidsplassen er på kontoret og i kyrkjene våre i Årdal, Fister og Hjelmeland.
Hva vi ser etter
Vi ser etter ein person som har pedagogisk utdanning/erfaring med undervisning innan kristendomsfaget.
Ein som har god kommunikasjons- og formidlingsevne i møte med barn og unge.
Evne til å planleggja og arbeida sjølvstendig, men og i lag med andre.
Gode samarbeidsevner.
Den som blir tilsett må vera medlem i Den norske kyrkja
Nynorsk blir nytta som målform
Søkjar må disponera bil
Politiattest må leggjast fram ved tilsetting, jfr. Kyrkjelova § 29
Arbeidsoppgaver
Hovudoppgåva er å undervisa i den kristne tru til barn og unge.
-Det inneber å administrera og gjennomføra trusopplæringstiltak i tråd med vedtatt plan, til dømes konfirmantundervisning, dåpsskule, 11-åringar m.m.
-Medvirknad ved gudstenester i samband med arbeidsoppgåvene som ligg til stillinga.
-Organisera og ivareta frivillige medarbeidarar i samband med arbeidsoppgåvene som ligg til stillinga.
Vi tilbyr
Vi kan tilby tverrfagleg arbeidsmiljø med vekt på utvikling og samhandling
Offentleg tenestepensjonsordning KLP
Fleksibel arbeidstid med noko kvelds- og helgearbeid
Løn og andre vilkår etter gjeldande reglar og tariffavtale i kyrkjeleg sektor
Annonseinformasjon
- FINN-kode 460121555
- Sist endret