Intensivsjukepleiar
Intensiv sengepost, Helse Fonna HF
- Frist 30.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du intensivsjukepleiar som ønskjer å jobbe på intensiv?
Vi har ledig ei fast 100 % stilling som intensivsjukepleiar. Stillingen inngår i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg.
Intensivseksjonen er ein kombinert intensiv- og postoperativ avdeling, og er ein del av Anestesi, intensiv og operasjonsavdelinga i kirurgisk klinikk. Her blir du ein del av eit dyktig team som jobbar for å gi høgkvalitets pleie og behandling til pasientar med behov for intensiv overvaking og oppfølging.
👉 Høyrest dette ut som noko for deg? Vi ser fram til å høyre frå deg!
Kva går jobben ut på?
- Intensivsjukepleie til kirurgiske og medisinske intensivpasientar
- Overvakingsoppgåver
- Postoperativ sjukepleie
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Intensiv vidareutdanning
- Må ha grunnleggande IKT-kompetanse
- Erfaring - eller interesse - for å jobbe med avansert medisinsk teknisk utstyr
Personlig egnethet og intensiverfaring vektlegges
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- jobbar sjølvstendig og tek ansvar for oppgåvene dine
- er ansvarsbevisst
- er ein god lagspelar som samarbeider godt med andre
- trivst i eit aktivt og hektisk arbeidsmiljø
- har evne til å tilpasse deg endringar og nye utfordringar
Kvifor velje oss?
- Inspirerande arbeidsmiljø
- Fagleg dyktige og omtenksomme kollegaer
- Opplæring/fagutvikling
- Høgt fagleg nivå
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Nærhet til fjord og fjell med gode muligheter for variert friluftsliv.
For å kunna vurdera førerett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden.
Kontaktinformasjon
Hege Østensjø, Funksjonsleiar, +47 52732670
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5113710696
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.04.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 460013071
- Sist endret

