Her er du

FINN/Jobb/Søk/Oslo/Sogn
Bilde fra arbeidsgiver
Fristen er utløpt

Ein til to mellombelse stillingar til ordningsprosjekt for arkivvitskapsstudentar

Kultur- og likestillingsdepartementet

  • Frist 5.5.2026
  • Ansettelsesform Engasjement

Kultur- og likestillingsdepartementet er på jakt etter ein til to studentar som kan jobbe deltid i to år.

Departementet skal ordne papirarkiva sine og vil i den samanhengen lyse ut stillingar til eit ordningsprosjekt. I prosjektgruppa skal det vere ein prosjektleiar, ein til to prosjektmedarbeidarar og ein til to studentar. Arbeidsstaden vil for det meste vere Nasjonalarkivet på Sognsvann. Stillinga vil vere fleksibel og timebasert. Oppstart etter avtale.

Målet for prosjektet er at papirarkivet til KUD skal leverast til Nasjonalarkivet, i tråd med gjeldande lovkrav og retningslinjer for offentlege arkiv. 

Dokumentasjonseininga har ansvaret for dagleg drift og utvikling av arkivet og dokumentasjonsforvaltninga til departementet, og ho sørgjer for at rutinar og dokumenthandtering er i tråd med gjeldande reglar og instruksar. 

Arbeidsoppgåver

  • ordne og listeføre papirarkivet til KUD, i samsvar med gjeldande regelverk

  • hjelpe til med å finne fram arkivmateriale for departementet i ordningsperioden

Fram til oppstarten av ordningsprosjektet skal du arbeide med driftsoppgåver i dokumentasjonseininga og/eller prosjektoppgåver i departementet.

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • påbyrja høgare utdanning ved universitet eller høgskule innan arkivvitskap

  • kunnskap om relevant lovverk

  • gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg

  • god samfunnsforståing

    Og gjerne erfaring frå arkivarbeid i offentleg sektor, helst departementsarkiv

Vi søkjer deg som er:

  • er systematisk, nøyaktig og strukturert 

  • er initiativrik og er ein positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet 

  • har gode samarbeidsevner og kan jobbe sjølvstendig

  • er løysingsorientert og har god gjennomføringsevne

  • har stor arbeidskapasitet

Den som blir tilsett i stillinga, må kunne autoriserast for tilgang til informasjon som er gradert som "BEGRENSET" etter sikkerhetsloven.

Vi tilbyr

  • Lønn i stillingskode: 
    konsulent (årslønn kr 450 000-510 000) eller
    førstekonsulent (årslønn kr 500 000-570 000)
    For stilling som førstekonsulent er kravet 3 års høgare utdanning eller bachelorgrad.

  • ein spennande jobb med eit svært interessant arkiv som dokumenterer verksemda til KUD

  • moglegheit for sjølvstendig arbeid

  • eit godt arbeidsmiljø og arbeidsplass på Sognsvann

  • gode forsikrings- og pensjonsordningar, med automatisk medlemskap i Statens pensjonskasse

Kultur- og likestillingsdepartementet er del av eit departementsfellesskap som er miljøsertifisert, og vi jobbar aktivt og systematisk med berekraftsansvaret i sektorane våre.

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.

Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar frå underrepresenterte grupper. Les meir om krava for positiv særbehandling på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten?size=n_20_n).

Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.

Offentleg søkarliste og kontakt

Dei som søker, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde sjølv om søkarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkarlista før ho blir offentleggjord.

Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med Ida Tobro, kontorsjef, tlf.: 920 48 820 eller på e-post: ida.tobro@kud.dep.no

Om avdelinga og seksjonen

Administrasjonsavdelinga utviklar system for styring og fastset overordna retningslinjer for ei effektiv og samordna leiing og drift av departementet. Avdelinga tek seg av administrative saker og ser til at departementet blir styrt i samsvar med gjeldande lovar og reglar.

Forvaltningsseksjonen har ansvaret for drift og utvikling av arkiv og dokumentforvaltning i departementet, oppfølging og utvikling av IKT og andre fellestenester og generelle driftsoppgåver. Seksjonen har òg ansvar for førebyggjande tryggleik og beredskap.

Ferdigheter
AI-generert

  • Arkivkunnskap
  • Dokumentasjonsforvaltning
  • Kjennskap til arkivloven
  • Ordning og registrering av papirbasert arkivmateriale

Om arbeidsgiveren

Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) har ansvar for den statlege politikken og forvaltinga på områda kultur, likestilling og diskriminering, opphavsrett, medium, idrett, frivillig verksemd og pengespel og lotteri. Departementet har om lag 160 tilsette, for tida fordelte på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining.Meir informasjon om departementet finn du på www.regjeringa.no, og her kan du lese meir om å jobbe i KUD.  

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Regjeringskvartalet og Sognsveien 221, 0862 Oslo
  • Bransje: Offentlig administrasjon
  • Stillingsfunksjon: Dokumentasjon
  • Arbeidsspråk: Norsk
Kultur- og likestillingsdepartementet logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Ida Tobro
  • Stillingstittel: Kontorsjef
  • Mobil: 92 04 88 20
Send meldingSend SMS
  • Bli kjent med Kultur- og likestillingsdepartementet
  • Hjemmeside

1764 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Kultur- og likestillingsdepartementet logo

Kultur- og likestillingsdepartementet

Kultur- og likestillingsdepartement
  • Karriere i KUDFirkant med pil som peker oppover mot høyre
  • FacebookFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

Regjeringskvartalet og Sognsveien 221, 0862 Oslo

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 460001573
  • Sist endret 29.4.2026, 21:19
Rapporter annonse