Skipsførar i ressursgruppa på hurtigbåtane
Maritim Drift, Fjord1 AS
- Frist 27.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Fjord1 har no ledig stilling som skipsførar i ressursgruppa for våre hurtigbåtar.
Som skipsførar i ressursgruppa vil du tenestegjere om bord på samtlige hurtigbåtar, og vere ein fleksibel ressurs der behovet til ei kvar tid er størst. Du vil vere utsjekka på både hovudfartøy og reservefartøy, og bidra til trygg og stabil drift på tvers av av fleire samband. I første omgang vil hovudtyngda av tenesta vere knytt til samband i Bergen og Stavanger. Stillinga vil og omfatte sambandet Bergen - Sogn/Nordfjord, når Fjord1 overtek drifta der i slutten av 2026. Du må difor rekne med å arbeide på ulike fartøy og i ulike geografiske område i regionen.
Stillinga har fast turnus med to veker arbeid og to veker fri, noko som gir god balanse mellom jobb og fritid. Vi tilbyr gode arbeidsvilkår med 84-timars arbeidsavtale.
For å kunne utføre arbeidet må du disponere eigen bil, då du vil tene på ulike samband i regionen. Du vil få ein fast avløysingsavtale der arbeidsgivar dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom bustad og arbeidsstad. Du kan reise heim etter endt vakt, og vi tilbyr hybel i arbeidsperioden.
Relevante kandidatar blir kontakta fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Som skipsførar vil du ha det overordna ansvaret for trygg og effektiv drift av fartøyet. Dette omfattar sikkerheitsstyring, energileiing, den tekniske og operative tryggleiken om bord. I tillegg til ansvar for både personleg og miljømessig tryggleik. Du skal sikre at alle operasjonar blir gjennomførte i tråd med gjeldande regelverk, prosedyrar og krav frå styresmakter. Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
Som leiar om bord er du ansvarleg oppfølging av rutinar og kvalitetssystem. I tillegg skal du utføre dei oppgåvene som går fram av stillingsinstruksen og sørgje for at alle avgjerder blir tekne med tryggleik og driftseffektivitet i fokus.
Kvalifikasjonar
- D1 sertifikat
- ROC/GMDSS-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Kvalifikasjonsbevis for navigatør på hurtiggåande fartøy
- Min 6 mnd fartstid som navigatør på hurtiggåande fartøy
- Ferdighetssertifikat medisinsk behandling
- Krise-og passasjerhandtering
- Gyldig helseattest
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter deg som er ein dyktig skipsførar med solid hurtigbåtkompetanse og inngåande kjennskap til maritime lover. Du utviser sterke leiareigenskapar og kan ta raske beslutningar i krevjande situasjonar, og har gode kommunikasjonsevner.
Vi kan tilby deg
- Konkurransedyktig lønn etter avtale mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
- Turnus: 2 veker på og 2 veker av.
- Hybelordning i arbeidsperioden.
- Attraktive velferdsordningar; firmahytter, leiligheiter, behandlingsforsikring, treningstøtte og gode rabattordnigar.
- Eit godt arbeidsmiljø med støttande og dyktige kollegaer.
- Moglegheit for fagleg utvikling og vidare karriere innan maritim drift.
Kontaktinformasjon
Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.noArbeidssted
Strandkaien5009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fjord1 ASReferansenr.: 5109791011
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.04.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 459791350
- Sist endret

