Rådgivar drosjeforvaltning
Møre og Romsdal fylkeskommune
- Frist 03.05.2026
- Ansettelsesform Fast
Rådgivar drosjeforvaltning
Vi søker ein fagleg sterk, engasjert og strukturert medarbeidar med stor arbeidskapasitet og gode relasjonelle og kommunikative evner. Du vil inngå i eit team som ivaretek fylkeskommunen sine lovpålagde oppgåver innan drosjeforvaltning etter regelverket i yrkestransportlova og yrkestransportforskrifta, for å sikre ei trygg, rettferdig og effektiv drosjenæring.
Vi har kontorstadar i Molde, Ålesund og Kristiansund, og du kan sjølv velje kontorstad.
Arbeidsoppgåver
Tilsynsoppgåver knytte til drosjesentralane sine plikter.Følgje opp fylkeskommunen sine plikter etter forskrift om sivil transportberedskap.
Behovsanalyse og strategiarbeid for å sikre eit heilskapleg drosjetilbod i Møre og Romsdal.
Saksbehandling og forvaltningsoppgåver knytt til drosjenæringa.
Generell oppfølging av regelverket i yrkestransportlova og yrkestransportforskrifta.
Registrering i og vedlikehald av transportløyvedatabasen.
Dialog, rettleiing og kontakt med drosjesentralar, løyvehavarar og andre aktørar.
Utarbeiding av saksframlegg for politisk behandling.
Samarbeid med andre offentlege etatar for kontroll av næringa.
Samarbeid med kommunar, næringsaktørar og andre offentlege etatar.
Kvalifikasjonar
Relevant høgare utdanning på mastergradnivå, fortrinnsvis innan økonomiske og administrative fagretningar eller jus.God forståing for offentleg forvaltning og regelverksarbeid.
God kjennskap til reglane om saksbehandling i forvaltningslova.
Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner.
Lang erfaring frå relevant arbeidsområde eller offentleg verksemd kan i særlege tilfelle kompensere for kravet til relevant høgare utdanning.
Personlege eigenskapar
Har evne til å forstå og analysere data for å gi innsikt og beslutningsgrunnlag.Samarbeider godt i team og på tvers av fag- og kompetanseområde.
Trivst i rolla som formidlar og kan snakke enkelt om komplekse saker og statistikk med andre.
Er sjølvstendig og evnar å prioritere mellom oppgåver.
Er ein lagspelar som kan vere med å utvikle fagområdet og det sosiale fellesskapet på ein god måte.
Vi tilbyr
Eit aktivt og engasjert fag- og arbeidsmiljø.Ein arbeidsplass som legg til rette for fleksibilitet i arbeidskvardagen.
God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling.
Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring.
Løn etter avtale.
FerdigheterAI-generert
- Behov og kravsanalyse
- Drosjebiltransport
- Kjennskap til forvaltningslova
- Offentlig administrasjon og forvaltning
- Økonomiske og administrative fag (AMO)
- Veitransportlovgivning
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Fylkeskommunen har ansvaret for kollektivtrafikk i fylket. Den er også den største vegeigaren i Møre og Romsdal med ansvar for 3300 kilometer fylkesveg. Vi har nær 180 medarbeidarar med kontorlokasjonar i Ålesund, Molde og Kristiansund. Samferdselsområdet er organisert med 2 fagavdelingar; FRAM kollektivavdeling og Fylkesvegavdeling.
FRAM er ansvarleg for buss, hurtigbåt og fylkesvegferjer, og skal sørge for at kollektivtilbodet i Møre og Romsdal vert drifta og utvikla på ein effektiv, god og miljøvenleg måte
Fylkesvegavdelinga har ansvar for trafikktryggleik, utvikling, utbygging, forvaltning og drift av fylkesvegar i Møre og Romsdal.
Samferdselsområdet har et solid kompetansemiljø innen sine fagområder.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til --> Samferdselsområdet (mrfylke.no)
- Sektor: Offentlig
- Sted: Borgundvegen 340, 6009 Ålesund
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Forvaltning, Drosje, Drosjeforvaltning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 459755021
- Sist endret


