Fagarbeidar/Miljøarbeidar
Osterøy kommune
- Frist 26.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Bu- og avlastningstenesta gjer tenester til menneske med utviklingshemming og andre funksjonshemningar. Eininga består av 5 bufellesskap, 5 bustader, avlastingstilbod og dagtilbod. Me gjer teneste til personar i alle aldrar med ulike funksjonsnedsettingar, psykisk utviklingshemming, autismespekter diagnosar og samansetteutfordringar. Vår målsetting er å bidra til gode dagar ut i frå den einskilde sine eigne føresetnader, ynskjer og behov.
Det er no ledig ei 100% stilling med arbeid kvar 4 helg. Denne stillinga består av hovedsaklig langvakter på 13 - 14 timar med nokre vakter på 9,25 timar
Reigstad bustad gjev bistand til ein person som treng at du aktivt søkjer god kommunikasjon og er opptatt av relasjonsbygging
Stillinga er ledig frå og med 01.08.2026 eller etter avtale
Arbeidsoppgåver
- Miljøarbeid i samarbeid med dine kollegaer
- Ha fokus på relasjonsbygging for å skape tryggleik og ro
- Kommunisere på ein god og omsorgsfull måte
- Følge opp tiltak og prosedyrer
- Oppfølging i forhald til kap. 9
- Delegerte oppgåver frå din næraste leiar
Kvalifikasjonskrav
- Fagbrev som helsefagarbeidar/barne- og ungdomsarbeidar.
- Har kunnskap om autisme og utviklingshemming
- Har erfaring frå brukargruppa
- Erfaring med kap 9, tvang og makt, er ønskjeleg
- Evne til å arbeida målretta og sjøvstendig
- God munnleg og skriftleg formidlingsevne
- Det er krav om gyldig politiattest ved tilsetjing
- Førarkort klasse B
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg, samt gjennom bestått språktest eller B2 test på mellomnivå
Vi tilbyr
- Stort rom for sjølvstendig arbeid
- Høg fagleg kunnskap blandt dine nye arbeidskollegaer
- Godt arbeidsmiljø der alle bidrar og drar lasset i same retning
- Løn etter tariff
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår, for tida plasserte i KLP
- Du har ei grunnleggjande respekt for menneske og eit engasjement for brukargruppa
- Du er trygg på deg sjølv og har god fysisk og psykisk helse som gjer at du tåler å stå i utfordrande situasjonar
- Du har ei høg etisk medvetande og evne til kritisk refleksjon
- Du er lojal mot felles beslutningar
- Du er ein god lagspelar og bidrar aktivt til å ivareta eit godt arbeidsmiljø
- Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt i rekrutteringsprosessen.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 459281387
- Sist endret