Sjukepleiar / vernepleiar
Modalen kommune
- Frist 3.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Modalen kommune har ledig ein fast stilling på inntil 100 % i pleie- og omsorgstenesta!
Er du autorisert sjukepleiar eller vernepleiar? Vi søkjer deg som er interessert i å jobbe i eit tverrfagleg og oversikteleg miljø, med stort bredde i oppgåver og få brukarar. Her får du tid til å bli godt kjent med kvar enkelt og følgje desse tett opp i samarbeid med dyktige kollegaer. Vi søkjer deg som kan bidra til eit godt miljø for både bebuarar, pårørande og kollegaer.
Modalstunet er kommunen sin einaste sjukeheim og er både institusjon og base for heimebaserte tenester. Der er i snitt mellom 6 - 10 bebuarar, samt eit aukande tal brukarar som får tenester levert i heimen sin. Hos oss vil ein raskt få god oversikt over- og kontakt med tenestemottakarar både i insitusjonen og heimebuande.
Arbeidsteamet rundt pleie- og omsorgstenestene består av dyktige kollegaer som vil ønskje deg velkommen som ein viktig del av arbeidsfellesskapet. Det er ellers korte linjer i organisasjonen vår, då pleie- og omsorgsleiar sit i utvida strategisk leiargruppe saman med rådmann.
Arbeidsoppgåver og ansvar
- Dagleg heilheitleg oppfølging av både heimebuande og bebuarar på Modalstunet som mottek pleie- og omsorgstenester
- Planlegging og evaluering av tenesta
- Medansvar for utarbeiding og utvikling av system for å sikre brukarane sine rettar og moglegheiter
- Bidra til å styrkje pasientsikringa
- Bidra til at tenesta tek i bruk aktuelle digitale verktøy i drifa
- Ansvarsoppgåver knytt til fagutvikling i personalgruppa
Delta i årsturnus; todelt turnus med langvaktar, men kan pårekne seg evt. noko natt.
Tilpassing av langvaktar og evt. nattevaktar skjer i nærare dialog med deg og hovudtillitsvalde, og det vert jobba for å legge til rette for friperiodar i turnus.
Kvalifikasjonskrav
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Sertifikat klasse B, for å kunne levere tenester til heimebuande
- Norskkunnskaper min. nivå B1
- Grunnleggjande kompetanse på å ta i bruk digitale verktøy for å kunne planlegge for- og sikre at tenesta bruker desse på rett måte
- Gyldig politiattest må leggjast fram før ein tek til i stillinga.
Det er eit føremon at du utviser god tolmod, samarbeidsevner og å kunne vere reflektert over rolla i samhandling og oppfølging av brukarar, pårørande og kollegaer.
Personlege eigenskaper vert vektlagt.
Våre ynskje om deg
Vi ser etter deg som:
- er fagleg nyfiken, glad i å drøfte faget ditt og oppteken av å bidra til kvalitetsforbetring i tenesta
- er raus, utviser tolmod og er omgjengeleg
- er oppeteken av ditt eige ansvar for å skape eit godt arbeidsmiljø
- har høg gjennomføringsevne og ansvarskjensle i ord og handling
- er reflektert og opptatt av god samhandling på tvers og bidrar til å få fram det beste i dei møter; både brukarar, pårørande og kollegaer
- har eit særleg engasjement for å møte brukarar der dei er, viser omsorg og toleranse, og bidrar til eit positivt engasjement i miljøet.
Me tilbyr
- Tilsetjings- og arbeidsvilkår i tråd med tariffavtale
- Eit godt fagleg miljø med fokus på kvalitetsutvikling
- Pensjonsavtale i KLP
- Ekstraordinære goder i Modalen kommune for sjukepleiarar i turnus, jf. gjeldande retningsliner (med forbehald om endringar ved revisjon):
- 30 000 kr i lønstilskot per år (full stilling) og direkte plassert i min. lønsansiennitet 10 år. Ved relevant helsefagleg utdanning på min. 60 stp., skal ein få endra sin stillingstittel og løn som spesialsjukepleiar
- Butilskot (6000 kr/mnd) eller pendlartilskot (3000 kr/mnd)
- 5 ekstra fridagar i året
- Tilrettelegging for langvaktar i årsturnus
- Nedbetaling av studielån på inntil kr 20 000,- (fell bort dersom ein mottek tilsvarande nasjonal ordning)
- Moglegheit for å søkje lokale opplæringsmidlar ved relevant vidareutdanning
- Moglegheit for gratis overnatting frå kvelds- til dagvakt på eige rom
- Moglegheit for å leige bustad i Modalen dersom du ynskjer å prøvebu her.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 458934791
- Sist endret