Inaktiv
Lærar tilrettelagt opplæring - arbeidslivstrening, HTA
OPK-LB - Laksevåg og Bergen maritime vgs, Vestland fylkeskommune
- Frist 21.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Laksevåg og Bergen maritime vgs har 80 tilsette og omlag 480 elevar. Skulen har totalt 33 klasser med tilbod innan bygg- og anleggsteknikk, elektro- og datateknologi, elektro- og datateknologi med spesiell studiekompetanse og teknologi- og industrifag. Innanfor teknologi- og industrifag tilbyr skulen industriteknologi, brønnteknikk, kjemiprosess og laboratoriefag og maritime fag. Skulen er lokalisert i Bergen sentrum og på Laksevåg.
Ved avdeling Laksevåg er følgjande stilling ledig frå 1. august 2026:
Fast stilling som lærar i klasse med arbeidslivstrening, HTA.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning og leiing av det pedagogiske arbeidet i klassen.
- Rettleie og samarbeide med miljøarbeidarar i det daglege arbeidet.
- Utvikle eit tilrettelagt opplæringstilbod basert på elevane sine forutsetnader.
- Utarbeide og følgje opp individuelle opplæringsplanar (IOP).
- Sikre godt skule-heim samarbeid og samarbeid med andre instansar.
Kvalifikasjonar
- Undervisningskompetanse i fellesfag.
- Pedagogisk kompetanse
- Ønskjeleg med spesialpedagogisk kompetanse.
- Erfaring frå undervisning, gjerne retta mot målgruppa i tilrettelagd opplæring.
- Ønskjeleg med erfaring frå arbeid i tilrettelagde læringsmiljø.
- God digital kompetanse.
- Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
Personlege eigenskapar
- Du bidreg til å skape gode relasjonar, både til elevar og kollegaer.
- Du er engasjert og positiv, og liker å arbeide med ungdom.
- Du kan arbeide strukturert og sjølstendig, og er trygg og løysingsorientert i komplekse og uforutsigbare situasjonar.
- Du utøver tydelig og trygg klasseleiing.
- Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Du er trygg i arbeid med ungdom som kan ha utfordrande åtferd.
Vi tilbyr
- Eit aktivt og stimulerande fagmiljø.
- Gode høve til eiga læring og utvikling.
- Løn og lønsutvikling i tråd med tariffavtalen og Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett i vidaregåande skule.
Kontaktinformasjon
Jan Kåre Greve, rektor, +47 91680978Arbeidsstad
Gravdalsrinden 475165 Laksevåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5104458861
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 21.04.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 458926108
- Sist endret
