Sjukepleiar - fast stilling 80 - 100%
Ulvik Omsorgstun
- Frist 30.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du bidra til gode og trygge dagar for pasientane våre i Ulvik?
Oppstart: etter avtale
Søknadsfrist: 30.04.2026
Tilsetjingstilhøve: fast 80-100%
Om stillinga
På Ulvik Omsorgstun arbeidar me kvar dag for å gi innbyggjarane våre trygge og gode helse- og omsorgstenester. No søkjer me ein sjukepleiar som vil vere med i eit lite, tett fagmiljø med tett samarbeid og høg fagleg kvalitet.
Som sjukepleiar på Ulvik Omsorgstun har du varierte oppgåver på sjukeheim og i heimetjenesta. Du har for tida arbeid kvar fjerde helg med arbeidstid på dag og kveld og beredskapsvakter på natt. Noko som ofte gir gode friperioder i turnusen.
Oppgåver
-
Fagleg ansvar for vurderingar, tiltak og planlegging
-
Kliniske vurderingar, tiltaksplanar og legemiddelhandtering
-
Ansvarsvakt og leiing av team
-
Beredskapsvakt på natt
-
Pleie, omsorg og oppfølging av pasientar i sjukeheim og heimesjukepleie
-
Observasjon, dokumentasjon og samarbeid i tverrfagleg team
-
Bidra til fagutvikling og eit godt arbeidsmiljø
-
Samhandling med pasientar og pårørande
-
Rettleiing av kollegaer og studentar
Kvalifikasjonar
Må-krav
-
Autorisasjon som sjukepleiar
-
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg (minimum nivå B2)
-
Må kunne leggje fram politiattest etter helse- og omsorgstenestelova §5-4.
Ynskja kvalifikasjoner
-
Førarkort klasse B
-
Erfaring frå kommunal helse og omsorgstjeneste
Personleg eignaheit vert vektlagt
Kven ser me etter?
Me ser etter deg som
-
Arbeider sjølvstendig og godt i samarbeid med andre
-
Tek faglege vurderingar i møte med pasientar
-
Bidreg til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
Me tilbyr
-
Årsturnus med moglegheit for påverknad
-
Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
-
Arbeidsplass i moderne lokale og tilgang til gode tjenestebilar
-
Ein jobb i verdas vakraste bygd
-
Dyktige kollegaer med høg fagleg standard
-
Hos oss får du jobbe i eit lite fagmiljø der ein samarbeider tett, deler kompetanse og utviklar seg fagleg gjennom fagundervisning i turnus og fagdager.
-
Flyttegodtgjersle ved flytting til Ulvik herad etter gjeldande retningslinjer (med 100% dekking av flytteutgifter)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457570828
- Sist endret

