Kantine/kafémedarbeidar
Helse Bergen HF
- Frist 19.04.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Kantine- kafémedarbeidar
Har du erfaring frå kantine og/eller kafédrift?
Engasjert kafémedarbeidar søkes til å skape gode opplevingar for tilsette, pasientar og pårørande.
Hospitaldrift leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til kjerneverksemda som behandlar pasientar. Avdelinga har 790 engasjerte medarbeidarar, har eit breitt samansett fagmiljø og geografisk spreiing. Forbetrings- og serviceundersøking viser at vi har nøgde medarbeidarar og brukarar.
Hospitaldrift Matforsyning har som hovudoppgåve å ivareta produksjon, utvikling og distribusjon av mat til pasientar, pårørande og tilsette ved Haukeland universitetssjukehus, samt til andre einingar i Helse Bergen og omliggande kommunar.
Hospitaldrift Matforsyning har ansvar for drift av 3 matutsal på sjukehuset og betener over 2.000 gjester dagleg. Til dette treng vi flinke og framoverlente kafémedarbeidarar.
Vi har no ledig 100% vikariat som kantine-/kafémedarbeidar ved Hospitaldrift Matforsyning- Kafé. Vikariatet er ledig frå 01.04 til 30.09.2026.
Stillinga inngår i avdelinga si gjeldande turnusordning med arbeid pt. mandag til fredag mellom kl. 07.00 - 19.00. Det tas forbehold om at turnus og arbeidstid kan bli endra.
Vi søker etter ein fleksibel, sjølvstendig og ansvarsbevisst medarbeidar som ønsker å bidra til et godt fellesskap. Aktuelle kandidatar kan bli innkalla til intervju undervegs i prosessen.
Arbeidsoppgåver
- Yte profesjonell service og kundebehandling
- Betening av kasse - betalingssystem
- Tillaging av både varm og kald mat
- Vareeksponering
- Reinhald, oppvask og rydding
- Anna forefallande arbeid etter behov
- Bidra til eit positivt og godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Ha gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg på nivå med B2 eller tilsvarande. Språkleg kunnskapsnivå må kunne dokumenterast
- Erfaring frå kantine- eller kafédrift og kundebehandling
- Vere serviceinnstilt og imøtekommande
- Ha kjennskap til IK-mat
- Vere løysingsorientert
- Over 18 år
- Taklar fysisk krevande arbeid
Personlege eigenskapar
- Er kundevennleg, omgjengeleg og serviceinnstilt
- Har god orden og evne til å jobbe både sjølvstendig og i team
- Evner til å sette seg inn i kundens ønsker og behov
- Er strukturert og nøyaktig
- Er fleksibel og kan arbeide i eit hektisk miljø
- Er fagleg interesse og engasjement
- Evner til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN"
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Eit aktivt bedriftsidrettslag
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste oppverifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Hardu utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgareutdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Betalingssystemer
- Kunnskap om renhold
- Tilberedning av kald og varm mat
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg, Restaurant, mat og uteliv, Storhusholdning og catering
- Stillingsfunksjon: Kjøkken- og kantinemedarbeider
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Kantine, Kafé, Servering, Matforsyning, sykehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457527854
- Sist endret




