Ferievikar - sjukeheimstenesta
Alver kommune
- Frist 4.5.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Alver kommune søkjer deg som vil vere ferievikar på ein av sjukeheimane våre. Vi treng deg mest i perioden veke 25- 33.
Du har kanskje helsefagleg bakgrunn, men det er ikkje eit krav!
Dersom du skal ha ferie i perioden veke 25 - 33, må du opplyse om dette i søknaden.
Løn:
Som assistent vil du minimum få ei timeløn på kr 215,-.
Som sjukepleiar-/vernepleiar -student vil du kunne få høgare lønn, avhengig av kor mange studiepoeng du har bestått.
I tillegg får du for arbeid i turnus eit kveldstillegg på minimum kr 56,- per arbeidet time frå kl. 17 - 21, og minimum kr 70,- per arbeidet time frå kl. 21 - 06. Du får óg anna godtgjering for særskilt arbeidstid på helg.
Aktuelle avdelingar
- Velferdssenteret - einingsleiar, Sylwia Sienkiewicz
- Manger omsorg pluss, einingsleiar Sissel Tofting Erstad
- Solkroken - k.einingsleiar, Cathrine Thorvaldsen
- Lerketunet, k.einingsleiar, Sigrid-Anne Spjeld
- Nordgardstunet ,- einingsleiar, Linda Abrahamsen
- Lindås bu- og servicesenter - einingsleiar, Ingrid L. Haugland
- Knarvik avdeling 1 - einingsleiar Oddvar Holsen
- Knarvik avdeling 2 - einingsleiar Solrun Tobiassen Albrechtsen
- Knarvik avdeling 3 - einingsleiar, Amanda Kvernøy
- Knarvik avd Helsehuset, - einingsleiar Janniche Nordby Karlsen
- Ostertunet omsorg pluss, einingsleiar, Sølvi Ulvund
- Såta bu- og servicesenter - avdelingsleiar Karina Olsvold
- Kjøkken avdeling Knarvik, Frekhaug og Manger - Hans Stapnes Johnsen
Arbeidsoppgåver
Som ferievikar ved sjukeheimstenesta skal du yte omsorgsfull og fagleg forsvarleg helsehjelp til bebuarar med plass på sjukeheim. Arbeidsoppgavene vil være for eksempel stell og pleie, tilbereding av mat og aktiviteter.
Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i gjeldende journalsystem.
Kompetanse
Autorisasjon som helsefagarbeidar
Autorisasjon som sjukepleiar
Sjukepleiarstudentar
Andre med erfaring eller ønskje om erfaring kan og søkje.
Du har gjerne relevant erfaring, studier eller skulegang.
Du trivs med å arbeide med mennesker, og har eit ønskje om å utgjere ein forskjell for både bebuarar og kollegaer. Evne til sjølvstendig arbeid og samarbeid med andre vert vektlagt. Du må også vere påliteleg og fleksibel.
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande avtale
- Som assistent vil du minimum få ei timeløn på kr 215,-
- Som sjukepleiar/ vernepleiar/medisinstudent har vi eigen studentløn
- I tillegg får du for arbeid i turnus eit kveldstillegg på minimum kr 56,- per arbeidet time frå kl. 17 - 21, og minimum kr 70,- per arbeidet time frå kl. 21 - 06
- Anna godtgjering for særskilt arbeidstid på helg
- God pensjonsordning
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneAnnonseinformasjon
- FINN-kode 455742950
- Sist endret

