Styrar Dalsbygda Barnehage
Oppvekst og kultur Fjord kommune
- Frist 10.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Fjord kommune har ledig vikariat som styrar i 60% i Dalsbygda barnehage frå dagens dato - 31.12.2026.
Dalsbygda barnehage er plasser i Norddal og har barn frå bygdene Eidsdal og Norddal. Gruppene er oppdelt i ei småbarnsgruppe 0-3 år og ei storbarnsgruppe 3-6 år
Visjon: «Det er oss det kjem an på»
Gjennom kunnskap, engasjement og forståing for barn og barndom i dag, vil oss gjennom samarbeid jobbe for å fremje barna si utvikling gjennom leik, venskapsbygging og medverknad. Å være bevisst og reflekterande over eiga rolle i møte med barn har stor betyding for barna si utvikling og trivsel. Å væra ein god rollemodell, ein støttande vaksen, er utslagsgivande for god grensesetting i barnehagen.
Satsingsområde er: Venskap , venskapsbygging, leik, språk og digitale virkemiddel.
«Korleis kan bevisstheit rundt auka bruk av digitale virkemiddel og vaksenrolla i barnehagekvardagen bidra til auka språkutvikling i barnegruppa?» er problemstillinga vi har sett til prosjektarbeidet vårt dette barnehageåret.
Barndomen har ein eigenverdi, og barnehagen skal ha ei heilskapleg tilnærming til barna si utvikling.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
Arbeidsoppgåver
- Styrar har budsjett, personal og oppfølging av det pedagogiske arbeidet, i tråd med godt fagleg skjønn.
- Veileding og sørgje for at barnehageloven og rammeplan oppfyllast
- Delta i planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa.
- Skape ein barnehagekvardag med rom for fordjuping i temaarbeid
- Ansvar for arbeidet med HMS
- Ta imot og gi pedagogisk veileding
- Tilretteleggje for samarbeid med føresatte og gjennomføring av samtale og møter.
Kvalifikasjonar
- Godkjent barnehagelærarutdanning med 3-årig høgskule/universitet eller anna høgskuleutdanning som gir barnehagefagleg kompetanse.
- Relevant arbeidserfaring
- God på planlegging og drift
- God digital kompetanse
- Må kunne norsk godt munnleg og skriftleg - kommunen har nynorsk som målform.
Personlege eigenskapar
- Tydeleg
- Fleksibel
- Eve til å delegere ansvar
- Gode kommunikasjons- og samhandlingsevner
- Tillitsskapende med høg integritet
Vi tilbyr
- Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
- Løn i samsvar med avtaleverk
- Pensjonsordning med 2% medlemsinnskot
Kontaktinformasjon
Mariann Ringdal Birkhol, Kommunalsjef Oppvekst og kultur, +47 41867830Arbeidsstad
Rellingsvegen 836214 Norddal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Oppvekst og kultur Fjord kommuneReferansenr.: 5096679417
Stillingsprosent: 60%
Vikar
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 10.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 455717370
- Sist endret

