sjukepleiar/vernepleiar langvaktsturnus natt - Lokal Sikkerheit Rehabilitering - Ny sengepost
Helse Bergen HF
- Frist 20.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Lokal Sikkerheit Rehabilitering - Ny sengepost - søker sjukepleiar/vernepleiar langvaktsturnus natt
Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen etablerer ei ny, lukka sengepost med åtte plassar i Sandviken-området. Dette er første steg i utviklinga av Nye Sandviken –eit langsiktig arbeid for å styrkje behandlingstilbodet til pasientar med alvorlege psykiske lidingar og samansette behov.
Sengeposten får ansvar for pasientar i eit sikkerheitspsykiatrisk behandlingsforløp som treng stabilisering, struktur og rehabilitering i eit trygt og spesialisert miljø. Du blir del av eit fagmiljø i utvikling, med anledning til å påverke både arbeidsformer og fagleg retning.
Vi søker no engasjerte medarbeidarar som ønsker å vere med frå starten og bidra til å utvikle eit nytt og framtidsretta behandlingstilbod. Turnus vil vere organisert i langvaktturnus for natt, med arbeid pt kvar fjerde helg. Det er ønskeleg med tiltreding i juni 2026.
Vi har ledige stillingar 80% på natt i langvaktturnus:
* Sjukepleiar / Vernepleiar
Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.
Arbeidsoppgåver
- Miljøterapeutisk arbeid og oppfølging i postmiljø
- Teamarbeid og tverrfagleg samarbeid
- Observasjon og dokumentasjon av symptom på psykisk liding
- Ansvarsvakt og medikamenthandtering
- Bidra til å skape ei trygg og strukturert postatmosfære med omsorg, støtte og gode grenser
- Praktiske oppgåver og dagleg drift
- Aktivisering og støtte i daglege gjeremål
- Bidra til fagleg utvikling og kvalitet i pasientforløpa
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Relevant erfaring med pasientgruppa
- Erfaring frå psykisk helsevern er ønskeleg
- Erfaring frå oppfølging og behandling av personar med rusavhengigheit er ønskeleg
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad
- Vandelsattest må leggast fram før tilsetting
Personlege eigenskapar
- Løysingsorientert, sjølvstendig og målretta
- Strukturert og pasientorientert
- Respektfull i møte med pasientar og pårørande
- God evne til å arbeide tverrfagleg og i team
- Trivst i eit aktivt og travelt miljø
- Etterspør og nyttar rettleiing
- Persoleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Å vere med og forme eit nytt behandlingstilbod frå starten
- Eit spennande og fagleg miljø der folk trivst på jobb
- Fadderordning og opplæring
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Barnehage i nærområdet, driven av Helse Bergen
- Arbeidsstad i Sandvikenområdet – Nye Sandviken
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- B2 norsk språkprøve
- Observere helsetjenestebrukere
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Sykepleier, vernepleier, nattevakt, sikkerhetspsykiatri, langvaktesturnus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 454022944
- Sist endret



