Bioingeniør II/ Molekylærbiolog
Mikrobiologi SNR, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 17.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du på jakt etter ein spennande jobb i ei avdeling med fokus på fagleg utvikling og som har flytta inn i heilt nye lokale?
Mikrobiologi Hjelset har no ledig ei 100 % fast stilling som bioingeniør II/molekylærbiolog innan fagområde genteknologi frå snarast eller etter nærmare avtale med seksjonsleiar.
Ved eventuell intern tilsetjing kan det bli ledig anna stilling ved seksjonen.
Avdelinga har eit vidt analyserepertoar fordelt på fagområder innan infeksjonsimmunologi, genteknologi og bakteriologi med mykologi. Med tanke på at vi er ei middels stor avdeling, leverer vi analysar og tenester utover standard repertoar, og vi er kjent for god service og høg fagleg kompetanse.
Avdelinga yt service til alle tre sjukehusa og til primærhelsetenesta i Møre og Romsdal. Avdelinga har stort fokus på kvalitet, utvikling og forbetring. Vi er samansett av fleire profesjonar og har tilsette i ulike aldrar, dette gjer at vi kan skryte av eit godt arbeidsmiljø med plass til alle, og der alle føler seg inkludert.
Vi ber om attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Bistå, og vere stedfortredar for fagansvarleg ved fagområde genteknologi
- Delta i laboratoriet sine daglege arbeidsoppgåver
- Delta i vaktturnus
- Bidra til opplæring og rettleiing av medarbeidarar, studentar og andre som skal utføre arbeid i laboratoriet
- Bidra til å nå avdelinga sine overordna mål, med fokus på kvalitetssikring, kvalitetsforbetring og kvalitetsutvikling
- Halde deg fagleg oppdatert
- Delta i prosjektutvikling ved seksjonen
Kvalifikasjonar
- Bioingeniør med norsk autorisasjon eller tilsvarande biofagleg utdanning
- Du meistrar norsk språk flytande, både muntleg og skriftleg
- Har du praktisk erfaring innan mikrobiologi/molekylærbiologi eller erfaring med relevante diagnostiske metodar ser vi dette som ein fordel
Personlege eigenskapar
- Du er konstruktiv - i møte med utfordringar fokuserer du på å finne gode løysingar
- Du er strukturert, nøyaktig og arbeider effektivt
- Du er sjølvstendig og tek ansvar, men er ikkje redd for å be om hjelp
- Du er fleksibel, endringsmotivert og har god gjennomføringsevne
- Du samarbeider godt med andre og trivst med ein variert og travel arbeidskvardag
- Du er positiv og inkluderande
Ved tilsetting vil personleg eignaheit for stillinga vere viktig.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Nordmøre og Romsdal!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.
Kontaktinformasjon
Cecilie Eikrem Myklebust, Seksjonsleiar, 90941240, Cecilie.Eikrem.Myklebust@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5077642382
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 453937258
- Sist endret