1-årig vikariat som Sosionom
Helse Bergen HF
- Frist 20.03.2026
- Ansettelsesform Vikariat
1-årig vikariat som sosionom ved LAR Fana og Ytrebygda
Rus- og avhengigheitsklinikken (RAK) har ca 570 medarbeidarar. Avdelinga har ein LAR avdeling, to ruspoliklinikkar, ein ambulant seksjon og fleire døgnseksjonar, for både akutt- og planlagd behandling. Avdelinga er i ein spennande utvikling knytt til aukande differensiering av tenester for avhengigheitslidingar, fagleg integrasjon med psykisk helsevern, m.a. ved geografisk deling av alle poliklinikktenestene. Målsetting for integrasjonsprosessen er å utvikle tettare samhandling med DPSar og kommunale tenester.
LAR er organisert i 6 geografiske seksjoner. Kvar seksjon er tverrfagleg samansett av psykolog, lege, sjuke- og vernepleiarar og sosionomar. LAR har ansvar for substitusjonsbehandling med LAR-legemiddel, samt psykososial behandling og rehabilitering av pasientar. Vi har eit stort fokus på å tilby LAR pasientar integrert behandling og rehabilitering i samarbeid med kommune og DPS. Trongen for behandling er stor og pasientane treng eit helse- og sosialfagleg tilbod som er tilpassa deira livsførsel og komplekse sjukdomsbilete.
Vi har ledig 100% vikariat for sosionom ved LAR Fana og Ytrebygda. Vikariatet er ledig frå snarast og til 28.02.2027.
Arbeidsoppgåver
- Som behandlar i LAR har ein ansvar for heilhetleg oppfølging og behandling til eit gitt tal pasientar
- Poliklinisk oppfølging
- Ambulant oppfølging av pasientar utanfor poliklinikk
- Ein vil arbeide i tverrfagleg team med psykolog, lege, sjukepleiar, vernepleiar og sosionom der ein tar sentral del i utarbeiding og gjennomføring av plan for behandling
- Aktiv deltaking i pasienten si ansvarsgruppe, der 1.linjeteneste og DPS er sentrale samarbeidspartnarar
- Sikre forsvarleg utdeling av LAR legemiddel
Kvalifikasjonar
- Bachelor i sosialt arbeid
- Erfaring frå arbeid innan rusbehandling eller psykisk helsevern, samt kommunale sosiale tenester eller andre kommunale behandlingstiltak for rusmiddelavhengige
Personlege eigenskapar
- Du har engasjement for fagfeltet og pasientgruppa
- Du bidrar positivt til eit fagleg og godt arbeidsmiljø
- Fleksibel, tåler uforutsigbarhet og evner å prioritere i stressande situasjonar
- Du har god evne til tverrfagleg samhandling, samt evne til sjølvstendig arbeid
- Du har gode kommunikasjonsferdigheiter
- Du har god skrifteleg formidlingsevne for journaldokumentasjon
- Du har evne og vilje til å inngå i langvarige og krevande behandlingsrelasjonar til pasientar
Vi tilbyr
- LAR er eit fagområde i stor utvikling. Vi kan difor love ein utfordrande og arbeidskrevjande kvardag i eit godt arbeidsmiljø
- I LAR - poliklinikkane blir det lagt stor vekt på utvikling av medarbeidarars faglege kompetanse og evne til samhandling
- Ein arbeider i team og vil få regelmessig rettleiing og undervising
- Lønn iht gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Dokumentering og registrering av informasjon
- Legemiddelhåndtering
- Poliklinisk behandling
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Apeltunvegen 2, 5222 Nesttun
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sosionom
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sosionom, LAR, LAR Fana, LAR Ytrebygda, Rusmedisin
Annonseinformasjon
- FINN-kode 453922612
- Sist endret



