Lærlingstillingar frå hausten 2026
Vestre Slidre kommune
- Frist 8.4.2026
- Ansettelsesform Lærling
Arbeidslivet ventar, vi leitar etter nye lærlingar. Er det deg?
Vestre Slidre kommune er ei kommune i vekst, og vi har fleire ledige lærlingplassar frå august 2026. Her kan du lære faget av fagfolk og vere ein del av eit variert lokalsamfunn.
Vi ser etter deg som er nysgjerrig, lærevillig og til å stole på – som sprer godt humør, likar utfordringar og som vil vere med på å skape tryggleik, glede og gode tenester i kommunen.
Vi tilbyr lærlingplassar innan desse fagområda:
- Helsefagarbeidar
- Barne- og ungdomsarbeidar
- Reinhaldsoperatør
- Byggdriftar
- Andre fagområder kan også vere aktuelle.
Hjå oss vil du få ei trygg og allsidig opplæring frå dyktige rettleiarar, varierte arbeidsdagar med mykje praksis, og støttande kollegaer som vil at du skal lukkast på vegen mot fagbrev. Eit fagbrev opnar for mange moglegheiter vidare: Nokon blir verande hjå oss, andre søker seg til jobb andre stader ute i verda, og andre att tek meir utdanning. Fagbrev er uansett ei verdifull investering for framtida!
Perfekte karakterar? Ikkje nødvendig. Perfekt innstilling? JA TAKK😊
Når du søker, er det viktig at du spesifiserer i søknaden kva fagretning du søker lærlingplass i; helsefag, barne- og ungdomsarbeidar, reinhaldsoperatør, byggdriftar eller andre relevante fag.
Kanskje VI er den du leitar etter? Og kanskje DU er den vi leitar etter? Send oss ein søknad der du fortel kven du er og kvifor dette freistar. Har du spørsmål må du gjerne ta kontakt med oss!
Søknadsfrist: 8. april.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåver i henhald til opplæringsplan på det aktuelle fagområdet.
- Delta aktivt i opplæringa ved å vise interesse, ta initiativ og arbeide aktivt med kompetansemåla.
- Delta på fagdagar og bidra til fagleg utvikling og godt samarbeid på arbeidsplassen.
- Bidra til å ivareta eit trygt og godt arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar
- Fullført og bestått VG1 og VG2.
- Gyldig politiattest må framleggjast ved tilsetjing.
Personlege eigenskapar
Vi vil ha deg som:
- er lærevillig og fagleg interessert - treng ikkje å kunne alt, men må ha lyst til å lære.
- vågar å prøve og feile - slik blir du trygg i faget ditt.
- har ei positiv innstilling og godt humør- her jobbar du med mennesker, og smil smittar😊
- er pliktoppfyllande og ansvarsbevisst - brukarar og medarbeidarar må kunne stole på deg.
- er fleksibel og samarbeidsvillig, og bidreg til fellesskapet.
Vi tilbyr
- Mellombels tilsetting for ein 2- års periode med løn som lærling.
- Ein lærerik arbeidsplass med varierte og spennande arbeidsoppgåver, der ingen dag er lik.
- God oppfølging og rettleiing gjennom heile læretida, for at du skal nå dei måla du har sett deg.
- Eit trygt og godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer som heiar på deg.
- Tilsetting skjer elles på dei vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.
Kontaktinformasjon
Monica K. Sæternes, Rådgjevar personal, service og kommunikasjon, +47 468 43 973, monica.seternes@vestre-slidre.kommune.no
Arbeidsstad
Slidrevegen 16
2966 SLIDRE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune
Referansenr.: 5080292463
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Søknadsfrist: 08.04.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 453888140
- Sist endret

