Leiar for psykisk helse og rus
Voss herad
- Frist 20.03.2026
- Ansettelsesform Fast
100 % fast stilling som verksemdsleiar for psykisk helse og rusarbeid
Voss herad søkjer ein engasjert, tydeleg og utviklingsorientert leiar til verksemda for psykisk helse og rusarbeid. Me ser etter ein person som ønskjer å bidra til tidsretta og heilskaplege tenester for innbyggjarar med psykiske helseutfordringar og/eller rusproblematikk.
Om verksemda
Avdeling for psykisk helse og rusarbeid har om lag 18 tilsette fordelt på ambulerande team, Oasen aktivitetssenter og Vetleflaten omsorgsbustader. Rundt 150 brukarar nyttar seg av tilboda våre. Verksemda er i kontinuerleg utvikling, med særleg fokus på samhandling, førebygging og brukarmedverknad.
Me tilbyr
Ei spanande og meiningsfull leiarstilling i ein kommune i utviklingEit kompetanseorientert, inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Løn etter avtale
Kvalifikasjonar
Høgare utdanning innan helsefagVidareutdanning eller erfaring innan psykisk helse og/eller rusarbeid er ønskjeleg, men ikkje eit krav
Anna relevant utdanning og erfaring kan òg vere aktuelt
Evne til å skape resultat gjennom samarbeid, involvering og tydeleg leiing
God struktur, gjennomføringsevne og forståing for endringsarbeid
Erfaring frå leiing og utviklingsprosessar er ein fordel Personlege eigenskapar som evne til å arbeide målretta, skape tillit og bidra til eit godt arbeidsmiljø vil bli vektlagt.
Arbeidsoppgåver
- Overordna ansvar for verksemda psykisk helse og rusarbeid
- Sikre fagleg kvalitet og utvikling innanfor gitte rammer
- Arbeide aktivt med tenesteutvikling, førebygging og brukarmedverknad
- Ansvar for økonomi, budsjett og ressursstyring
- Bidra til god arbeidsflyt og samhandling internt og eksternt
- Leggje til rette for heilskaplege og koordinerte tenester med brukaren i sentrum
Søknad
Voss herad ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og tilsette som speglar befolkninga. Alle kvalifiserte søkjarar er velkomne til å søkje uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller kulturell bakgrunn.
Det vert sett opp offentleg søkjarliste etter søknadsfristen. I tråd med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjar bli offentleggjort sjølv om det er bede om unntak. Søkjar vert varsla dersom ønsket om unntak ikkje kan takast til følgje.
Ver venleg og legg ved vitnemål og attestar.
FerdigheterAI-generert
- Administrere ressurser
- Budsjett- og økonomioppfølging
- Helsevitenskap
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.
Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande
- Sektor: Offentlig
- Sted: Voss Tinghus, 5700 Voss
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ledelse
Nøkkelord
leder, virksomhetsleder, verksemdsleiar, rus, psykriatri
Annonseinformasjon
- FINN-kode 453864576
- Sist endret



