Grafisk dyktig prosjektleiar
Mogleg AS
- Frist 15.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Grafisk dyktig prosjektleiar med samfunnsblikk og digital skaparglede – finst du?
Vi i Mogleg leitar etter ein ny kollega i 100 % stilling i Stryn.
Dette er ei rolle for deg som likar å få ting til å skje.
Som både kan jobbe med grafisk uttrykk – og sørge for at prosjekt faktisk kjem i mål.
Hos oss vil du få:
– Leie prosjekt frå idé til leveranse
– Jobbe med grafisk design, digital kommunikasjon og merkevare
– Bidra i strategiarbeid for bedrifter i regionen
– Arrangere møteplassar og event
– Vere sparringspartnar gjennom næringshageprogrammet (Innovasjon Norge) og førstelinjetenesta for Stryn kommune
Kontoret vårt ligg midt i Stryn sentrum (med solid 90-talsestetikk og traktekaffi).
Vi har korte beslutningsvegar og eit sterkt engasjement for lokalsamfunnet.
Heimekontor av og til? Klart det.
Men vi trur framleis dei beste idéane oppstår rundt same bord.
Bur du ikkje i Stryn? Då må du truleg flytte hit. Vi meiner det er verdt det.
Kjenner du at dette traff?
Då er det berre å hive seg rundt og sende ein søknad til jenny@mogleg.no innan 15. april.
Vi gler oss til å høyre frå deg!
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein optimistisk gjeng som likar å gjere det mogleg. Som eit lite og engasjert team driv vi vi med alt frå utviklingsprosjekt og arrangement til merkevarebygging, digital marknadsføring og strategisk rådgjeving. Vi hjelper bedrifter å finne retning og skape resultat som faktisk betyr noko.
Vi legg vekt på ekte engasjement, samarbeid og at arbeidet vi gjer skal ha faktisk effekt for lokalsamfunnet og næringslivet rundt oss.
Kom gjerne innom og hels på oss.
- Sektor: Organisasjoner
- Sted: Tinggt.3, 6783 Stryn
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Event og arrangementer, Konsulent og rådgivning, Markedsføring og annonsering
- Stillingsfunksjon: Grafisk, Markedsfører, Prosjektledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
grafisk design, prosjektleiar, merkevarebygging, strategiarbeid, idéutvikling
Gjengen du kjem til å jobbe tettast med. Det eine bildet vi fann. (1/10)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 453732583
- Sist endret
