Veterinær
Stryn Kommune
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Vikariat
Veterinær (vikar)
Stryn kommune har ansvar for å organisere klinisk veterinærvakt for vaktdistrikt Hornindal og Stryn (unnateke Utvik). For å dekkje behovet for veterinærar i vaktdistriktet er det behov for å ha fire veterinærar i vaktordninga. Vi har for augeblikket behov for ein vikar som skal gå inn i vaktordninga. I første omgang er det snakk om eit vikariat på seks månader, men med moglegheit for forlenging.
Produksjonsdyrpraksisen i Stryn kommune består hovudsakleg av storfe, sau og noko gris.
Arbeidsoppgåvene omfattar:
Veterinæren vil gå inn som éin av fire veterinærar og deltakar i vaktdistriktet Stryn og Hornindal. Vaktbelastinga er 1/4, og veterinæren skal vere tilgjengeleg for å yte tenester i samsvar med oppsett vaktplan.
Deltakinga i veterinærvaktordninga føreset òg deltaking i den ordinære dagvaktpraksisen. Dette vil vere tre eller fire dagar i veka.
I april er det betalt bakvakt i fire veker på grunn av auka arbeidsbelasting.
Veterinæren skal ha éin fast vaktkveld i veka og kvar fjerde helg i fast turnus.
Vi ser etter deg som har følgande kvalifikasjonar:
Autorisasjon: Det vert krevd at tilbydar har autorisasjon som veterinær. Dersom leverandøren er eit enkeltpersonføretak, skal innehavaren av føretaket vere autorisert veterinær.
Føretak: Leverandøren skal vere eit lovleg etablert føretak.
Økonomi: Leverandøren skal ha ordna forhold for innbetaling av skatt, arbeidsgjevaravgift og meirverdiavgift.
Kurs: Inseminasjonskurs.
Bil og utstyr: Søkjaren må sjølv halde eigen bil og eige utstyr.
Vi tilbyr:
Vi oppmodar nyutdanna og studentar om å søkje. Vi ønskjer å gjere arbeidskvardagen og oppstarten for ein ny veterinær så trygg som mogleg, og vil vere tilgjengelege som bakvakt eller sparringspartnar ved behov. Det kan òg vere aktuelt å involvere mentorprosjektet.
Studentar på mellombels lisens kan òg søkje gjennom mentorprosjektet.
Stryn kommune yter tilskot til dagpraksis.
Søknad sendast til postmottak@stryn.kommune.no
Søknader vert vurderte fortløpande med fleksibel oppstart.
Kontaktperson Stryn kommune:
Sigbjørn Rolandsen. Tlf. 57 87 47 13. Epost: sigbjorn.rolandsen@stryn.kommune.no
Kontaktperson for informasjon om veterinærpraksis:
Lasse Hjelle. Tlf. 906 62 969
Charlotte Haukaas. Tlf. 922 23 314
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Tonningsgata 4, 6783 Stryn
- Bransje: Dyr og dyrehelse, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Veterinær og dyrepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
veterinær, vikar, dyrehelse, dyrevelferd, beredskap
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452952609
- Sist endret
