Maskinsjef til nye autonome ferjer Lavik -Oppedal
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
- Frist 6.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Fjord1 skal frå 1.9.26 drifte verdas første autonome ferjesamband; eit verdsleiande prosjekt som kombinerer autonom ferjedrift, grøn innovasjon og banebrytande teknologi.
Vi er godt igang med prosjektet, der 4 ferjer er under bygging.
Vil du vere med å forme framtida til sjøfarten? Bli vår nye maskinsjef og ta del i spennande kvardagar på fjorden. Søk no og bli ein del av vårt maritime fellesskap.
Fjord1 har ledige stillingar som maskinsjef på ulike skiftordningar;
- 5 skifts-ordning; vil gå heile døgnet - skiftordning 2 veker på og 3 veker fri. Her tilbyr Fjord1 hybelordning i skiftperiode.
- Sjøvakt: 3 veker på og 3 veker fri (ordning kan blir endra til 2 veker på/av). Reise til/frå jobb blir dekka.
- Dagskift: 2 veker på og 2 veker fri (ferja vil gå i rute mandag-fredag og søndag).
- Dagskift: 2 veker på og 2 veker fri (ferja vil gå i rute alle dagar).
Du må skrive i søknaden kva skiftordning som er relevant for deg.
Oppstart: etter avtale.
Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Leie det tekniske arbeidet om bord og sørge for at alt utstyr fungerer i samsvar med klasse- og styresmaktene sine krav.
- Vedlikehald av maskineri og komponentar i tråd med AMOS vedlikehaldssystem.
- Bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
- Samarbeid med skipsførar for å sikre at tryggleikssystemet vert følgt og at ISM-koden er oppfylt.
- Opplæring av personell og handsaming av alarminstruks.
- Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar, reservedelsoversikt, samt arkivering og vedlikehald av tekniske dokument.
- Overvake forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, samt føre maskindagbok og oljedagbok i samsvar med krav.
- Budsjettere og bestille reservedelar og utstyr innanfor sitt ansvarsområde.
- Sørgje for oppdatert stoffkartotek, samt reinhald og brannførebygging.
Kvalifikasjonar
- Kompetansesertifikat M3
- Krise- og passasjerhandtering.
- Gyldig helseerklæring.
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein erfaren og dyktig maskinist som er
ansvarsbevisst, fleksibel og tilpassingsdyktig. Du må ha gode samarbeidsevner,
høgt fokus på tryggleik og kvalitet, og trivast med ein variert arbeidskvardag
der endringar kan oppstå.
Vi tilbyr
- Konkurransedyktig lønn etter avtale mellom NHO Sjøfart og Det Norskse Maskinistforbund.
- Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
- Fast ansettelse i et solid og anerkjent selskap
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar.
Kontaktinformasjon
Sigrunn Hellebust, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47330488, sigrunn.hellebust@fjord1.noArbeidsstad
6947 Lavik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5078204974
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.04.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 453722529
- Sist endret
