Feriehjelp / tilkallingshjelp til innsamling og rettleiing for sortering av avfall,
Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Vikariat
Ekstrahjelp ved miljøstasjon
Vil du vere med i eit målretta og godt etablert team med fokus på miljørett kvalitet? Vi søkjer ein engasjert person som kan rettleie kundane våre, og syte for stabil og god drift ved miljøstasjonen i Hovdebygda. Du får allsidige oppgåver i eit team saman med fleire.
Stillinga er som tilkallingshjelp, i første omgang på eitt år, med høve for forlenging. Oppstart i stillinga snarast råd. Vi har drift heile året, og har difor behov for bistand under ferieavvikling frå april/mai til august/september. I tillegg vil vi trenge hjelp ved langope måndagar, tysdagar og laurdagar, i tillegg til anna fråvære og ved prosjektarbeid etter nærmare avtale.
Personlege eigenskapar:
- Serviceinnstilt; du vert VØR sitt ansikt utad mot kundane
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Strukturert, ryddig og påliteleg
- Gode samarbeidsevner og ikkje redd for å ta eit tak
Kvalifikasjonar:
- Førarkort klasse B
- Meistre norsk munnleg og skriftleg
- Grunnleggjande datakunnskapar
- Gjerne truckførarkurs (ikkje krav)
Arbeidsoppgåver:
- Rettleiing og bistand til kundane i miljøstasjonen
- Pakking, klargjering og lasting av ulike avfallsfraksjonar
- Operatør i vekta ved behov
- Rydding og handtering, både manuelt og maskinelt
- Andre ulike oppgåver, både knytt til miljøstasjonen, og VØR sitt anlegg på Melsgjerdet, kan verte aktuelt.
Nødvendige kurs og opplæring vil bli gitt.
Vi tilbyr regulerte løns- og arbeidsforhold i ein spennande bransje med eit viktig miljøoppdrag. For stillinga gjeld ordinære tilsettingsvilkår i tråd med reglement for offentlege tilsette. Vi oppmodar kvinner om å søke på stillinga.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS er heileigd av Volda og Ørsta kommunar. Selskapet har ansvaret for innsamling, mottak og vidaretransport av avfall frå alle hushaldningane. Drifta i VØR er delt på to lokasjonar, der innsamling ute hos abonnentane er knytt mot det nye anlegget vårt på Melsgjerdet i Ørsta. I Hovdebygda har vi miljøstasjonen og administrasjonen vår, saman med Retura Søre Sunnmøre AS. Selskapet omsette i 2025 for 56 mill kr og har 20 tilsette. VØR er godkjend lærebedrift og sertifisert etter ISO9001.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Torvmyrane 29, 6160 Hovdebygda
- Bransje: Miljøtjenester, Renovasjon og renhold
- Stillingsfunksjon: Kundeservice, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
miljøstasjon, kundeservice, hovdebygda, teamarbeid
Annonseinformasjon
- FINN-kode 453712243
- Sist endret

