Ferievikar - Reinhald
Ørsta kommune
- Frist 10.4.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Vi søkjer etter ferievikarar i perioden juni– august 2026.
Behovet for ferievikarar gjeld på bygg både på Vartdal, Sæbø og i Ørsta. Vi ber difor om at du i søknaden skriv kvar du kan arbeide og kva periode du kan arbeide.
Søkjarar som kan arbeide heile perioden vert prioriterte.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg og periodisk reinhald i kommunale bygg
- Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille på kort varsel - både på dagtid og kveld. Opplæring vert gitt
- Det er ønskjeleg, men ikkje eit krav, at du har førarkort klasse B og disponerer eigen bil
Kvalifikasjonar
- Det vert ikkje stilt krav om særskilt utdanning, men erfaring frå reinhald er ønskjeleg
- Du må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer at du:
- Kan arbeide sjølvstendig
- Har gode evner til samarbeid
- Er ansvarsbevisst, fleksibel og har ordenssans
- Er engasjert og løysingsorientert
Vi tilbyr
Som ferievikar hos oss får du ein variert arbeidsdag og eit godt kollegium, møte mange nye menneske og får med deg ei god arbeidserfaring vidare i arbeidslivet.
Om du ikkje bur i Ørsta, kjem du i tillegg til ei nynorskbygd i hjartet av Sunnmørsalpane med eit mangfald av flotte turmål.
Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette. Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
Tilsetting elles i samsvar med gjeldande lov- og regelverk.
Etter utgangen av søknadsfristen vert innkomne søknader handsama og tilsetting gjort fortløpande.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14.
Dokumentasjon
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.
Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Agnieszka Papierska, Avd.leiar reinhald, 95 04 63 69, agnieszka.papierska@orsta.kommune.noArbeidsstad
Dalevegen 66153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 5086244048
Stillingsprosent: 0%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 10.04.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 453649384
- Sist endret

