Lærar
Brattvåg barneskule, Haram kommune
- Frist 19.3.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vi søker ein motivert og engasjert lærar som har lyst til å gjere ein forskjell for elevane våre og vere ein del av våre flotte tilsette, og som kan vere med å bidra til eit positivt, sosialt og lærande miljø for alle elevane. Stillinga er eit vikariat frå ca. 15.05.2026, men ein kan starte tidlegare om det er ønskeleg.
Brattvåg barneskule er ein 1.-7. skule som ligg sentralt plassert i Brattvåg med fjell og sjø i nærleiken. Vi har 200 elevar med mange ulike nasjonalitetar.
Skulen har innført leik og læring for dei minste trinna for å auke den sosiale tryggleiken samt gjere overgangen mellom barnehage og skule mindre. Vi har også uteskule for alle trinna ein dag i veka for å gjennomføre ei annleis undervisning. Skulen har eit godt og tverrfagleg samarbeid med ulike instansar i kommunen.
Skulen er sertifisert som dysleksivennleg skule sidan 2017 og vi brukar nynorsk i opplæringa. Vi har eit særleg fokus på begrepsopplæring på trinna. Og vi er med på satsinga BRY DEG i lag med Læringsmiljøsenteret i Stavanger.
I kommunalområde barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønsker å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med å forme framtida.
I Haram kommune er gode, og heilskapelege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggarar og næringsliv.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i ulike fag.
- Gi rettleiing til fagpersonell.
- Den som søker må rekne med å ta på seg kontaktlæraransvar.
- Delta og forplikte seg i pedagogisk utviklingssamarbeid både på trinn og i kollegiet generelt.
- Planlegge, gjennomføre og evaluere læringsarbeid for sine grupper og elevar saman med kollegaer.
- Klasseleiing, heim-skule-samarbeid og eksternt samarbeid.
Kvalifikasjonar
- Godkjend lærarutdanning 1. -7. trinn, evt. anna godkjend lærarutdanning.
- Fagkompetanse i td. matematikk, engelsk, norsk, kunst og handverk og kroppsøving.
- Generell IKT-kompetanse.
- Bør ha gode norskferdigheiter.
- Du må ha tilfredsstillande politi- og tuberkelinattest.
Personlege eigenskapar
- Du er ein engasjert og bidragsytande lærar som likar å jobbe i team, som er strukturert, pliktoppfyllande og fagleg kompetent.
- Du er initiativrik, strukturert og sjølvstendig i arbeidet ditt.
- Du må vere løysingsorientert og fleksibel.
- Du må vere god på relasjonsbygging.
- Du er ein tydeleg klasseleiar.
- Du må like å bruke naturen som alternativ læringsarena.
- Søkarar som er personleg eigna blir vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Eit positivt, inkluderande og utviklingsorientert fellesskap.
- Systematisk kollektivt utviklingsarbeid.
- Ein skule som kan nytte fjord og fjell i nærområdet som alternative læringsarenaer.
- Eit arbeidsmiljø som er prega av godt samarbeid, samhald og engasjement.
- Tariffløn og pensjonsordning gjennom SPK.
Kontaktinformasjon
Unni N Krogsæter, Verksemdsleiar/Rektor, 97560016, Unni.Neras.Krogsaeter@haram.kommune.noArbeidsstad
Skulesvingen6270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5085640971
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 04.05.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 19.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 453451965
- Sist endret
