Rådgjevar økonomi
Norsk Landbruksrådgiving SA
- Frist 6.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Rådgjevar Norsk Landbruksrådgiving SA
Vil du bli ein del av landbruket si viktigaste kompetanseverksemd? Norsk landbruksrådgiving SA har ledig 100 % fast stilling innan fagområdet økonomi i region Vest.
Gjer ein skilnad – kvar dag!
I NLR SA står du i sentrum for utviklinga av norsk matproduksjon. Du vil påverke retningsval og produksjon hos mange enkeltbønder og dermed gje eit viktig bidrag til utviklinga av landbruket og maten vi alle er avhengige av kvar einaste dag.
I NLR er vi nysgjerrige på å finne nye og betre måtar å hjelpe kundane våre på! Våre tilsette er avgjerande for å lukkast med vårt oppdrag. Vi har eit arbeidsmiljø med stor fagleg breidde og djupne, med høg kompetanse på mange fagfelt. Vi tek godt vare på folka våre, og oppmuntrar og legg til rette for personleg og fagleg utvikling. Rådgjevarane våre styrer i stor grad sin eigen arbeidsdag.
Fridom til å velgje arbeidsstad
Denne stillinga er i utgangspunktet tenkt lagt til vårt kontor på Sandane, men er du rett kandidat kan andre kontor i regionen vere naturleg utgangspunkt. Du blir del av ei avdeling der vi samarbeider tett med kvarandre, sjølv om vi sit geografisk spreidd.
Økonomirådgjevaren sine oppgåver
Vi hjelper norske bønder med et vidt spenn av rådgjeving innan driftsøkonomi. Vi er tett på i utbyggingsprosessar på garden, både med vegvalsrådgjeving, driftsplanar og budsjett. Du vil samarbeide tett med andre fagrådgjevar i NLR, særskilt innan fagområde grovfôr/husdyr. Saman hjelper vi bonden med å betre innteninga og auke lønsemda på garden.
Kven leitar vi etter?
Vi ser etter deg som har høgare utdanning innan økonomi og administrasjon, og/eller rekneskap og revisjon, men også annan relevant økonomi bakgrunn kan vurderast. Erfaring frå landbruksrekneskap og -økonomi er ein fordel. Du må være utovervend og like å oppsøke medlemmar og kundar for å tilby rådgjeving. Sidan vi dekkar eit stort geografisk område, må du ha førarkort klasse B og disponere eigen bil.
Vi tilbyr:
Inntil 100 % fast stilling.
tfordrande fagleg arbeid i et aktivt miljø, både lokalt og nasjonalt, med gode høve for utvikling
Stor grad av sjølvstende og fleksibilitet
Triveleg arbeidsmiljø
Løn etter avtale
Gode pensjons- og forsikringsordningar
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Norsk Landbruksrådgiving SA (NLR) er et landsdekkende samvirkeforetak med ca. 24.000 medlemmer og 400 medarbeidere. Med 6 regionavdelinger og rundt 100 kontorsteder, har NLR sterk lokal tilstedeværelse. NLR er bindeledd mellom forskning og landbruket, og innhenter, utvikler og samordner kunnskap som rådgiverne formidler til næringsutøvere i landbruket.
Våre rådgivere jobber med rådgiving og utviklingsoppgaver innen jord- og planteproduksjon, økonomi, regnskap, HMS, maskinteknikk, hydroteknikk, presisjonslandbruk, landbruksbygg, fornybar energi, klima og miljø. Vår visjon er “kompetanse for framtida”. Vi leverer aktuell, kunnskapsbasert, objektiv og helhetlig rådgiving og er en attraktiv samarbeidspartner for landbruket.
- Sektor: Samvirke
- Sted: Krånavegen 5, 6823 Sandane
- Bransje: Jordbruk og skogbruk, Konsulent og rådgivning, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
rådgiver, landbruk, driftsøkonomi, driftsplanar, landbruksrekneskap
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 453003399
- Sist endret