Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
Sengepost Medisin 1 SNR, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 10.3.2026
- Ansettelsesform Fast
No er det snart eit år sidan vi flytta inn i det heilt nye og moderne sjukehuset Nordmøre og Romsdal. Ved innflytting blei det oppretta ein heilt ny sengepost for vaksne pasientar med sjukdommar innan fagområda kreft, palliasjon og blodsjukdommar – Medisin 1.
I denne sengeposten arbeider vi i team som består av sjukepleiarar, spesialsjukepleierar, helsefagarbeidarar og studentar og vi jobbar tett med dei andre faggruppene på sjukehuset.
Vi arbeider fortsatt med å bygge opp fagmiljøet vårt, blant anna med fastsatte fagdagar i turnusplan.
Sengepost Medisin 1 SNR har for tida fire ledige stillingar for sjukepleiar/spesialsjukepleiar:
1x 75 % fast stilling (det kan være aktuelt å auke med vikariat på toppen)
3 x 100 % vikariat tom 31.08.2027
Det er moglegheiter for å gå langvakter både på kvardagar og helg (kvar 4. helg), eller ordinære vakter (kvar 3. helg) dersom det passar ein best.
Dersom du er sjukepleiar med interesse for kreft, palliasjon eller blodsjukdommer, verdsett eit godt arbeidsmiljø, fagleg utvekling og ei givande pasientgruppe, håpar vi på å motta ein søknad frå akkurat deg!
Arbeidsoppgåver
- Teamarbeid saman med sjukepleiarar, spesialsjukeplerarar, helsefagarbeidarar og mellom anna onkolog, hematolog og palliativt team, ernæringsfysiolog, fysioterapeut og ergoterapeut.
- Pasientane i seksjonen vil kunne ha svært ulike behov. Arbeidsoppgåvene vil difor bestå av kartlegging og utføring av tiltak retta mot den enkelte pasient i tråd med gjeldande retningslinjer.
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjenning som sjukepleiar
- Relevant vidareutdanning, erfaring og kompetanse kan vektleggjast
- Meistre norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Vi ser etter deg som har interesse og engasjement for kreft, palliasjon eller blodsjukdomar
- Bidrar positivt i arbeidsmiljøet
- Er påliteleg og lojal til arbeidsplassen og kollegaene dine
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Kristina Aasen, seksjonsleiar, +47 91869218, Kristina.Aasen@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5085788750
Stillingsprosent: 100, 75%
Vikariat, Fast
Søknadsfrist: 10.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452981469
- Sist endret


