Her får du meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver
Lærdal kommune Lærdalsøyri skule
- Frist 18.3.2026
- Ansettelsesform Vikariat
I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.
Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.
Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus.
Har du lyst til å vera barne- og ungdomsarbeidar / assistent i Lærdal kommune?
På Lærdalsøyri skule jobbar me for å skapa eit trygt og læringsfremjande miljø for alle elevar. Me søkjer fagarbeidarar / assistentar som byggjer gode relasjonar, samarbeider godt og har eit ekte engasjement for elevane si utvikling.
Hjå oss blir du ein del av eit sterkt team der me samarbeider tett og støttar kvarandre i arbeidet.
Som fagarbeidar / assistent er stillinga delt mellom skule 68% og SFO 32% gjennom skuleåret og 100% i SFO resten av året.
Det er fast ferieavvikling 4 veker i juli månad den perioden SFO er stengt.
Me søkjer etter to 100 % årsvikariat for skuleåret 2026–2027.
Utdanning/kvalifikasjonar:
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- Anna relevant utdanning/arbeidserfaring
- Det vil bli kravd politiattest ved tilsetjing. Politiattesten skal ikkje leggjast ved søknadspapira, men leggjast fram før tiltreding.
Personlege eigenskapar:
- God relasjonell kompetanse i møte med elevar, foreldre og kollegaer
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Du er fleksibel og open for å lære
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Me tilbyr:
- Dyktige kollegaer som samarbeider godt
- Meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver
- Opplæring vil bli gitt
- Lønn etter gjeldande avtaleverk
- Gode pensjonsordningar
Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:
- Full barnehagedekning
- Gratis fulltids-SFO for 1. og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klassingar.
- Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
- Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja
Link til søknadsskjema: Søk her
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452968226
- Sist endret
