Byggeleder
Norhus Ørsta AS
- Frist 16.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Norhus søkjer etter Byggeleiar/Prosjektleiar
Grunna auka aktivitet søker vi sjølvstendig og strukturert byggeleiar til vårt kontor i Hovdebygda. Vi bygger over heile Sunnmøre og i Nordfjord.
Norhus har eit uformelt og godt arbeidsmiljø, med trivelege kollegaer. Dei fleste tilsette har jobba i selskapet i lengre tid og har eit sterkt samhald. Vi tilbyr gode vilkår, bil i firmaets teneste, forsikringsordningar og har flotte lokaler i Hovdebygda.
Kontorstad: Hovdebygda
Arbeidsoppgåver:
Dagleg ansvar for våre underentrepenørar.
Utarbeide anbodsgrunnlag.
Følge opp eigne byggeplassar.
Økonomisk rapportering.
Delta på byggjemøte med kundar/underleverandørar.
Ansvar for gjennomføring av eit eller fleire prosjekter ihht kontrakt, herunder kvalitet, HMS og framdrift.
Den vi søkjer er:
Byggteknisk utdanna med allsidig erfaring frå byggjebransjen.
God i munnleg og skriftleg kommunikasjon.
God i bruk av dataverktøy.
Ryddig og systematisk.
Initiativrik, løysing- og resultatorientert, sjølvstendig, samt kunde - og serviceorientert.
Vi tilbyr:
Spanande og utfordrande oppgåver.
Sjølvstendige arbeidsoppgåver og ansvarsområde.
Påverknadsmoglegheiter i ei bedrift med lite byråkrati.
Konkurransedyktige vilkår.
Triveleg og uformelt miljø.
Personlege utviklingsmoglegheiter.
Ferdigheter
- Bruke verktøy
- Environment, Health and Safety (EHS)
- Teknisk utdannelse
- Utarbeidelse av konkurransegrunnlag
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Norhus er eit selskap med lang erfaring i bransjen. Vi er kjent for store utbyggingsprosjekt på heile sunnmøre og delar av nordfjord. Vi bygg primært ut bustadfelt med fleirmannsbustadar, men har også hytter og einebustadar under oppføring.
Vi har hovudkontor i Ørsta, og eit større avdelingskontor i Ålesund. Grunna auka aktivitet på Søre Sunnmøre og i Ålesund søker vi derfor etter fleire flinke folk.
- Sektor: Privat
- Sted: Indrehovdevegen 64, 6160 Hovdebygda
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Bygg og anlegg
- Stillingsfunksjon: Bygg/Anleggsleder, Bygge- og anleggsteknikk
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
prosjektledelse, byggeleder, kontraktsforhandlinger, byggjemøte
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452920253
- Sist endret


