Musikkterapeut
Stryn Kommune
- Frist 26.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Musikkterapi er eit viktig og anerkjent fagområde med dokumentert effekt for ei rekkje målgrupper. Musikkterapi kan nyttast i forebyggande arbeid for barn og unge, vaksne og eldre, samt individ- og grupperetta terapi.
Stryn kommune ønskjer å tilsette ein fagperson som kan styrkje vårt arbeid og som kan bidra til å utvikle eit heilskapleg og personsentrert tilbod i tenestene våre.
Arbeidsoppgåver
- Vere pådrivar i utvikling av musikkterapitilbod i kommunen
- Planlegge og gjennomføre musikkterapi individuelt og i grupper
- Jobbe på tvers med ulike alders- og brukargrupper
- Samarbeide tett med ulike faggrupper for å integrere musikkterapi i forebyggande arbeid
- Heve kompetansen i kommunen gjennom rettleiing og fagleg støtte
- Skape inkluderande aktivitetar som fremmar meistring og livskvalitet for innbyggarane i Stryn kommune
- Bidra til kulturskulen sitt utviklingsarbeid som ressurssenter i lokalsamfunnet
- Arbeidsplass er på kulturskulen, men ein må pårekne arbeid på andre einingar i kommunen
Kvalifikasjonar
- Godkjent mastergrad i musikkterapi eller tilsvarande utdanning
- Erfaring med musikkterapi med barn og unge, og/eller i helse- og omsorgsarbeid er ønskjeleg
- Spesialpedagogisk utdanning/erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav
- Erfaring med musikkterapi
- Erfaring frå arbeid med eldre og personar med demens er ønskjeleg
- Kompetanse i andre kulturskulefag bør nemnast i søknaden
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
- Må disponere eigen bil
Personlege eigenskapar
- Du tek initiativ og er engasjert i å utvikle nye tenester
- Du er empatisk og trygg i møte med menneske i sårbare livssituasjonar
- Du byggjer relasjonar og skapar tillit
- Du er kreativ, fleksibel og tilpassingsdyktig
- Du trivst i tverrfagleg samarbeid og ønskjer å bidra i fagutvikling
- Du arbeider sjølvstendig og strukturert, og har god gjennomføringsevne
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
Vi tilbyr
- Høg grad av fagleg sjølvstende og påverknadskraft i ei ny rolle- Samarbeid i eit musikkterapi-nettverk
- Variert og spennande arbeid i eit positivt miljø
- Tilsetting etter gjeldande lover, tariffavtaler og reglement
- Løn etter tariff
- Gode pensjonsvilkår i KLP
Kontaktinformasjon
Ingrid Schei Stuhaug, Rektor kulturskulen , 90016334Arbeidsstad
Tonningsgata 46783 STRYN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn KommuneReferansenr.: 5082237784
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452916844
- Sist endret
