Undervisningsstillingar 1.-10.trinn
Vaksdal kommune
- Frist 18.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Viss du er ein av dei, så ynskjer Vaksdalskulen deg som søkar til ledige undervisningsstillingar, vikariat og/eller faste, frå august 2026.
Både heiltid- og deltidsstillingar kan bli aktuelt. For enkelte stillingar kan det verta aktuelt med tidlegare tilsettingstidspunkt. Rekrutteringa startar i løpet av mars og vil halde fram fram til skulestart.
Vaksdal kommune har 5 skular; 2 kombinert skular (1-10) og 3 barneskular (1-7), som du kan få nærare opplysningar hjå:
Stanghelle skule: Rektor Kari Vaksdal Faugstad
Vaksdal skule: Rektor Agnetha Olsen Brekkhus
Dale skule : Rektor Malin Sæterdal
Stamnes oppveksttun: Rektor/leiar Rose-Marie Mo Lilletvedt
Eksingedalen oppveksttun: Rektor/leiar Liv Anne Bergo
Set gjerne opp ein bestemt skule dersom du har ein preferanse.
Kvalifikasjonskrav
- Godkjent undervisningskompetanse (allmennlærar/grunnskulelærar).
- God digital kompetanse.
- Søkarar som har undervisningskompetanse i fleire av følgande fag vil bli føretrekt; matematikk, norsk og engelsk.
- Krava til kompetanse på ungdomstrinnet for å undervise i norsk, matematikk og engelsk er 60 studiepoeng. I dei fleste andre fag er kravet 30 studiepoeng. For å undervise i faga norsk, engelsk og matematikk på barnetrinnet må du ha 30 studiepoeng.
- Det er ønskeleg med lærarar som har brei undervisningskompetanse.
- Vi ser særleg etter personar som har kompetanse i den første lese- og skriveopplæringa.
- Søkarar med anna relevant utdanning/erfaring kan ved behov bli vurderte.
- Du må ha godkjent politiattest.
Vi ynskjer å tilsetje stabile, positive, velkvalifiserte og dyktige lærarar som
- er tydelege klasseleiarar og har evne til å skapa gode relasjonar mellom elevane
- skapar eit godt samarbeid med elevane sine heimar
- set eleven sitt beste i sentrum
- vektlegg tilpassa opplæring, elevmedverknad og fagleg vekst bidreg til skulane sitt profesjonelle læringsfelleskap
har gode evne til samarbeid og kommunikasjon er sjølvstendige, reflekterte, fleksible og tar ansvar
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Vi oppmodar menn til å søkja. Dei som skal tilsetjast må leggja fram tilfredsstillande politiattest. Desse må leverast snarast etter eventuelt tilbod om tilsetjing og før tiltreding.
Vaksdal Kommune kan tilby
- løn i tråd med tariffavtale og lokale lønsforhandlingar
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- individuell oppfølging
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452915049
- Sist endret
