Lærarar ved Selbjørn skule
Austevoll kommune
- Frist 18.03.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Lyst på lærarjobb i Austevoll? Selbjørn skule søker lærarar
Om arbeidsstaden
Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelsa og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.
Selbjørn skule er ein barneskule med om lag 150 elevar og 35 tilsette. Vi held til i flotte omgivelsar i Bekkjarvik. Skulen har gode undervisningsrom, idrettshall, kultursal, flott musikkavdeling og stort uteområde.
Vi er med i Trivselsleiar-programmet, som er det største programmet i Skandinavia for aktivitet og inkludering i barne- og undomsskule. Konseptet TL-undervisning kombinerer fysisk aktivitet og læring i undervisningen. Hos oss bidrar både tilsette og elevar til eit betre samhold og eit tryggare skolemiljø gjennom organisert aktivitet i friminuttene.
Og veit du at dersom du bur i Austevoll kan du få sletta studiegjeld? Bur du her kan du kvart år få sletta kr 25.000,- av studielånet ditt. Dette er nytt frå januar 2025, sjå meir informasjon om ordninga på Lånekassen si heimeside: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner (https://lanekassen.no/nb-NO/gjeld-og-betaling/sletting-av-gjeld-i-utvalgte-kommuner/#samtykke-banner)
Om stillinga
Selbjørn skule har fleire ledige stillingar, både vikariat og faste stillingar:
Vikariat inneverande skuleår (2025-2026), oppstart snarast:
- 1x100% vikariat
- 1x70% vikariat
Vikariat frå 1.juni 2026:
- 1x100% vikariat (oppstart 01.06.26, ut året med moglegheit for forlengselse)
Faste stillingar frå 1.august 2026:
- 3x100% faste stillingar (oppstart 01.08.26)
Oppgi i søknaden kva for ei stilling du søkjer på. Det er mogleg å søkje på fleire stillingar.
Austevoll kommune er under omstilling. Arbeids- og ansvarsområde kan derfor bli endra.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
- Undervisning i ulike fag på 1-7. trinn
- Faglæraroppgåver
- Arbeide i team
- Kontaktlærar
- Samarbeid heim-skule
- Aktiv deltaking i skulen sine utviklingsprosjekt
- Samarbeid internt og med andre faginstanser
- Følge opp elevar med særskilte behov
- Bidra til å skape eit godt skulemiljø
Kvalifikasjonskrav
Formelle kvalifikasjonskrav
- Grunnskulelærar GLU1-7, GLU 5-10 eller anna godkjent utdanning for undervisning i grunnskulen
- Ha utdanning innanfor norsk, engelsk, matematikk, naturfag, mat og helse, kunst og handverk, musikk, spes.ped, kroppsøving
- Ønskjeleg med undervisningserfaring, men nyutdanna er velkommen som søkjarar
- Internasjonale gradar må vere godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
Personlege eigenskapar
- Er strukturert, sjølvstendig, fleksibel, løysingsorientert og ha evne til å motivere
- Vere samarbeidsvillig og inkluderande
- Kunne arbeide sjølvstendig og i team
- Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, pedagogisk engasjement og evne til nytenking
- Vere ein tydeleg og dyktig klasseleiar og kunne bruke IKT som naturleg arbeidsverktøy
Vi krev gyldig politiattest ved tilsetjing. Politiattesten skal ikkje leggjast ved søknaden, men visast fram før tilsetjing.
Vi tilbyr
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar
- Kommunen har eit rekrutteringstillegg for lærarar på 12 300 kroner per år. Kontaktlærartillegget er på 32 000 kroner per år
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søker du
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
Kommunen har eit folketal på om lag 5500 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!
- Sektor: Offentlig
- Sted: Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Allmennlærer/kontaktlærer, Lærer/Lektor, Undervisning og pedagogikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452972626
- Sist endret
