
Jusstudent innsynshenvendelser
Mattilsynet
- Frist 12.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du jusstudent og ønsker relevant jobb ved sida av studia?
Vi har ledig ei 30 % deltidsstilling for å behandle innsynsførespurnader ved Mattilsynets hovudkontor.
Mattilsynets har eit breitt og viktig samfunnsoppdrag, og mange er interesserte i sakene våre. Vi får derfor mange innsynskrav. Ved Mattilsynets hovudkontor har vi oppretta eit eige team som arbeider med å behandle krav om innsyn i dokumenta våre etter offentleglova.
Klagesakeininga ved Mattilsynets hovudkontor har ledig ei 30 % (omtrent 11 timar i veka) deltidsstilling for jusstudentar til arbeid i innsynsteamet.
Arbeidet blir utført på dagtid i vekedagane, men er elles fleksibelt. Jobben let seg derfor enkelt kombinere med studieløpet på masterprogrammet i rettsvitskap (jus). Det vil vere moglegheit for å jobbe meir i feriar etter avtale.
Klagesakeininga ved Mattilsynets hovudkontor behandlar alle klagesakene på vedtak som blir fatta av Mattilsynets tilsynsdivisjonar. Saksporteføljen er stor og variert. Vi har flest klagesaker om innsyn, dyrevelferd og akvakultur. I tillegg behandlar vi saker om mattryggleik, drikkevatn og plantar. Eininga er plassert i avdeling internasjonalt og juridisk arbeid på hovudkontoret og består i hovudsak av juristar, men også av veterinærar og tilsette med annan fagbakgrunn. Hos oss blir du ein del av eit godt juridisk og tverrfagleg miljø der det er rom for diskusjonar og spørsmål. Studentane som arbeider hos oss, får innsikt i arbeidskvardagen i eit stort offentleg forvaltningsorgan og erfaring med å bruke forvaltningsretten i praksis. Vi har hatt glede av å ha engasjerte jusstudentar med på laget vårt, og dei tidlegare studentane har gitt positive tilbakemeldingar om at arbeidet hos oss har vore læringsrikt og nyttig seinare i arbeidslivet.
Arbeidsoppgåver
saksbehandling av innkomne innsynskrav etter offentleglova og forvaltningslova, der hovudkontoret er førsteinstans
saksførebuing ved klage på avslag på innsyn der eit av dei tre eigardepartementa våre er klageinstans
I tillegg kan det være aktuelt å bidra med juridiske utgreiingar og utkast til klagesaksavgjerder på dei andre saksområda våre der Mattilsynet, hovudkontoret, er klageinstans
I arbeidet med innsynskrav vil du samarbeide tett med juristane våre, andre fagpersonar og koordinatoren for innsynsteamet. Du vil delta på månadlege møte i innsynsteamet.
Ved kapasitet vil du også få høve til å delta i felles møte med klagesakeininga for å diskutere og drøfte juridiske problemstillingar i sakene.
Kvalifikasjonar
Du må
vere student på masterprogrammet i rettsvitskap (jus)
ha gjennomført faga forvaltningsrett, EØS-rett og statsforfatningsrett
ha gode eksamensresultat i forvaltningsrett
ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Det er ein fordel om du også har arbeidserfaring frå før, særleg med saksbehandling.
Personlege eigenskapar
Vi vil gjerne arbeide saman med deg som
jobbar raskt, strukturert og nøyaktig
har gode samarbeidsevner og trivst både med å jobbe i team og med sjølvstendig arbeid
har evne til raskt å setje deg inn i aktuelle saksbehandlingssystem og digitale verktøy
er open, lydhøyr og deler synspunkta dine
Personlege eigenskapar og motivasjon vil bli vektlagd.
Vi tilbyr
fast deltidsstilling som førstekonsulent (stillingskode 1408) med lønn som for tida er 500 000 kroner (100 % årslønn)
relevant arbeidserfaring for deg som har lyst til å lære om offentleg forvaltning
fagleg støtte og oppfølging
eit godt og inspirerande arbeidsmiljø med dyktige og hyggelege kollegaer
fleksibel arbeidstidsordning
moglegheit for å bygge nettverk i ein offentleg etat som er arbeidsgivar for ei stor gruppe juristar
ordna forhold hos ein statleg arbeidsgivar
fine og moderne kontorlokale i Oslo, Bergen eller Sandnes saman med medarbeidarane i eininga
Kontaktinformasjon
Ta gjerne kontakt med seksjonssjef Silje Gundersen på mobil: 97 65 06 26 eller koordinator for innsynsteamet, Amira Jeanette Koubaa, på mobil 41 36 51 20 dersom du har spørsmål om stillinga.
Slik søker du
Vi får søknader berre elektronisk. Vi ber om at du lastar opp vitnemål via Vitnemålsportalen. Dette sikrar ei enkel og sikker overføring av dokumenta dine. For meir informasjon om korleis du bruker Vitnemålsportalen, besøk vitnemålsportalen.no. Søkarar som ikkje har moglegheit for dette, legg inn attestar og vitnemål som vedlegg til søknaden. For å bli vurdert må du laste opp vitnemål/karakterutskrift.
Vi håpar å høyre frå deg!
Vår visjon er at vi saman tryggjer framtida for menneske, dyr og natur. For å lukkast med dette, er vi i gang med ei omfattande utvikling av organisasjonen. Dette handlar om korleis vi arbeider saman og korleis vi utviklar løysingar med vekt på behova til brukarane våre. Vi er over 1 200 kollegaer med kompetanse på tvers av mange fagfelt, som til dømes veterinærfaget, næringsmiddelproduksjon, biologi, utvikling, juss og forvaltning. Det gler oss at vi har klatra på omdømemålingar i offentleg sektor, fordi vi er avhengige av tillit og arbeider hardt for å bli oppfatta som ein hjelpar. Vi er til stades i heile landet, og utviklar oss kontinuerleg. Mattilsynet rapporterer til Landbruks- og matdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Les meir på mattilsynet.no.
Inkludering og mangfald er ei styrke for Mattilsynet. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene på ein endå betre måte. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en og/eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg til å krysse av for dette når du søkjer jobb hos oss. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar i kvar gruppe til intervju. Får du jobben, legg vi til rette for deg dersom du treng det. Vi bruker berre avkryssingane til å velje ut rette kandidatar og til anonymisert statistikk.
FerdigheterAI-generert
- Europarett
- Kjennskap til offentleglova
- Norsk forvaltningsrett
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Les mer om oss på våre hjemmesider www.mattilsynet.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: 0170 Oslo
- Flere arbeidssteder: Thormøhlensgate 49 A, 5006 Bergen, Jærveien 12, 4319 Sandnes, Stavanger, 4018 Stavanger
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Saksbehandler
Nøkkelord
jusstudent, innsynshenvendelser, klagesaker, offentleglova, saksbehandling
Inspektører på tilsyn (1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452845183
- Sist endret

