Undervisningsinspektørar
Masfjorden kommune
- Frist 22.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Masfjorden kommune søker etter to undervisningsinspektørar i 100% faste stillingar frå og med 01.08.2026. Ei av stillingane er knytt til Sandnes skule og ei av stillingane er knytt til Matre skule. Som undervisningsinspektør utgjer ein leiinga på skulen saman med rektor.
Skriv i søknaden om du søkjer på begge stillingane, eller berre på ei av dei.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til pedagogisk leiing, personalrettleiing, bidra til eit lærande profesjonsfellesskap, fremja eit godt læringsmiljø
- Oppfølging av saker som gjeld personale, elevar og føresette
- Administrativ leiing: ressurs- og timeplanlegging og fravær
- Skaffe og koordinere vikarar, samt vere vikar ved behov
- Ansvar for praktiske driftsoppgåver som arrangement, innkjøp og brannvern
- Stadfortredar for rektor når rektor er vekke
- Undervisning. Oppsett på timeplan og/eller vikarpott
Me søker
- Ha godkjent undervisningskompetanse
- Gjerne med relevant leiarerfaring og/eller leiarutdanning
- Erfaring med individuelt tilrettelagd opplæring
- Sterk relasjonskompetanse og gode samarbeidsevner
- Pedagogisk nysgjerrig og oppdatert på varierte undervisningsmetodar
- Gode IKT-kunnskapar og kjennskap til digitale læringsressursar
- Elevsyn i tråd med LK20 og ny opplæringslov
Me tilbyr
- Inkluderande og positive felleskap, og tilsette med høg fagleg kompetanse
- Eit humørfylt og godt arbeidsmiljø
- Løn etter gjeldande avtaleverk
- God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
Anna
- Tenestespråket i Masfjorden kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing i skulen vert det stilt krav om politiattest
- Frå 2026 vil du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt når du har budd 1 år i Masfjorden kommune. 25 000 kroner blir sletta for dei som oppfyller vilkåra kvart år til ein har betalt ned heile gjelda. Les meir om den nye ordninga her
Slik søkjer du:
Søk elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida.
Masfjorden kommune
Masfjorden kommune ligg midt i Vestland fylke og grensar til kommunane Gulen og Høyanger i nord og Modalen og Alver i sør.
Kommunen er eit eldorado for friluftsinteresserte, med øyar og holmar, skog og fjell, eit unikt turterreng, og gode fiske- og jaktvilkår. Kulturlivet er allsidig med svært aktive lag og organisasjonar.
Video: https://youtu.be/_nnKbz57cgo?si=4f61y1db2mdKdopDSkulane i MasfjordenMasfjorden kommune har 3 skular: Matre skule, Nordbygda skule og Sandnes skule. Skulane er 1-10 skular. Skulane er MOT-skular, og er i gang med å innføre PALS.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452832783
- Sist endret
