Reinhaldar
Osterøy kommune
- Frist 22.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Reinhaldseininga har for tida ledige stillingar på følgjande kommunale bygg:
Hauge barnehage 60 % stilling
Osterøy integrerings og læringssenter 20 % stilling. Mandag, onsdag og fredag
Valestrand skule 52 % stilling, arbeidsstart kl. 06.00.
Samlokaliseringsbygget 24 % stilling. Mandag, onsdag og fredag.
Stillingane ved Hauge barnehage og Osterøy integrering og læringssenter kan kombinerast, med oppstart frå 1.juni 2026.
Det same gjeld for stillingane ved Valestrand skule og samlokaliseringsbygget, med oppstart frå tidlegast 20.juni 2026.
Arbeidsoppgåver
Dagleg oppgåver som inkluderer
- Dagleg reinhald av fellesareal, klasserom og avdeling i barnehage
- Dagleg reinhald av kontorlokalar, trapper, toalett og inngangspartier osv.
- Tømming av avfall, påfyll av såpe, tørkepapir mm.
Med hovudreinhald meinast nedvask av skule ved skuleferier og andre fridagar.
Kvalifikasjonskrav
- Ynskjeleg med fagbrev som reinhaldsoperatør, men andre kan og søkja
- Erfaring frå reinhaldsarbeid er ein fordel, men opplæring vil verte gjeven
Kven er du?
- Likar å jobbe sjølvstendig og i gruppe
- Kan prioritere og vere løysingsorientert
- Er fleksibel, påliteleg og serviceorientert
- Det er ein fordel med sertfikat klasse B, og at du disponerer bil
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452831444
- Sist endret



