Rådgjevar grovfôr
Norsk Landbruksrådgiving SA
- Frist 19.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Rådgjevar Norsk Landbruksrådgiving SA
Vil du bli ein del av landbruket si viktigaste kompetanseverksemd? Norsk landbruksrådgiving SA har ledig 100 % fast stilling innan fagområdet grovfôr til vårt kontor på Njøs, i Sogndal kommune.
Gjer ein skilnad – kvar dag!
I NLR SA står du i sentrum av utviklinga av norsk matproduksjon. Du vil påverke retningsval og produksjon hos mange enkeltbønder og dermed gje eit viktig bidrag til utviklinga av landbruket og maten vi alle er avhengige av kvar einaste dag.
I NLR er vi nysgjerrige på å finne nye og betre måtar å hjelpe kundane våre på! Våre tilsette er avgjerande for å lukkast med vårt oppdrag. Vi har eit arbeidsmiljø med stor fagleg breidde og djupne, med høg kompetanse på mange fagfelt. Vi tek godt vare på folka våre, og oppmuntrar og legg til rette for personleg og fagleg utvikling. Rådgjevarane våre styrer i stor grad sin eigen arbeidsdag. Vi ønskjer å få ut det beste av kvar einskilt tilsett, og du får høve til å spesialisere deg og jobbe med det du er god på og brenn for.
Kven leter vi etter?
NLR søkjer ein person med kompetanse innan fagområdet grovfôr. For å sikre bredde i vårt rådgjevingstilbod ynskjer vi at kandidaten og skal ha landbruksteknisk interesse og erfaring. Søkjaren må vere sjølvstendig og strukturert samt ha eit positivt engasjement for landbruksnæringa. Du bør ha landbruksfagleg utdanning frå høgskule eller universitet og/eller annan relevant landbruksfagleg kompetanse og erfaring. Du må være utåtvend og like å oppsøke våre medlemmar og kundar, for å tilby rådgjeving.
Arbeidsoppgåver:
Jordprøvetaking og utarbeiding av gjødslingsplanar.
Funksjonstesting sprøyter
Rådgjeving og informasjon til medlemmane, både munnleg og skriftleg.
Planlegge og gjennomføre fagmøte, kurs, prosjekt og feltforsøk.
Utvikle rådgjevingstilbodet i regionen saman med andre rådgjevarar og samarbeidspartar.
Andre aktuelle arbeidsområde kan vere; klimarådgjeving, grovfôrøkonomi og grovfôrstrategi, avhengig av søkarens interesser og kompetanse.
Vi tilbyr:
Inntil 100 % fast stilling.
Utfordrande fagleg arbeid i et aktivt miljø, både lokalt og nasjonalt, med gode høve for utvikling.
Stor grad av sjølvstende og fleksibilitet
Triveleg arbeidsmiljø
Løn etter avtale
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Ferdigheter
- Gårdsarbeid
- Jordmasseforflytning
- Planlegge seminar
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Norsk Landbruksrådgiving SA (NLR) er eit landsdekkande samvirkeforetak med 24.000 medlemmar og 400 medarbeidarar. Med 6 regionavdelingar og rundt 100 kontorstader, er NLR sterkt lokalt tilstades. NLR er bindeledd mellom forsking og landbruk, kunnskap vert henta inn, utvikla og samordna, og blir formidla ut til næringsutøvarane i landbruket.
Våre rådgjevarar jobbar med rådgiving og utviklingsoppgåver innan jord- og planteproduksjon, økonomi, rekneskap, HMS, maskinteknikk, hydroteknikk, presisjonslandbruk, landbruksbygg, fornybar energi, klima og miljø. Vår visjon er “kompetanse for framtida”. Vi leverer aktuell, kunnskapsbasert, objektiv og heilskapleg rådgiving og er ein attraktiv samarbeidspartnar for landbruket.
- Sektor: Samvirke
- Sted: Njøsavegen 5, 6863 Leikanger
- Bransje: Jordbruk og skogbruk, Konsulent og rådgivning
- Stillingsfunksjon: Agronom, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
grovfôr, rådgiver, sivilagronom, landbruk, plantevitenskap
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452810507
- Sist endret

