KYRKJELYDSARBEIDAR - Den norske kyrkja ynskjer deg i Masfjorden
Masfjorden Sokn
- Frist 22.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe med å skape gode aktivitetstilbod i kyrkjene våre? Og arbeide med at barn og unge vert kjende med Jesus og får opplæring i den kristne trua.
Hva vi ser etter
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Du som søkjer må
-
ha vilje og evne til samarbeid og formidling
-
kunne arbeide strukturert og sjølvstendig
-
ha evne til å arbeide med ulike aldersgrupper, og særkilt barn og unge
-
være god i norsk både skriftleg og munnleg, (me nyttar nynorsk skriftleg)
-
beherske data som arbeidsverktøy
-
ha førarkort og disponere bil
-
vere medlem av Den norske kyrkja
-
ha relevant utdanning innan kristendom, trusopplæring, pedagogikk eller barne- og ungdsomsarbeid. Relevant erfaring frå kristent barne- og ungdomsarbeid kan kompensera for manglande formell kompetanse.
-
Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.
-
Politiattest ikkje eldre enn tre månadar må leggast fram ved tilsetjing.
Arbeidsoppgaver
Til denne stillinga ligg for tida fylgjande oppgåver:
-
Planlegging og gjennomføring av samlingar for barn og unge i alderen 0-13 år som t.d. dåpsskule, utdeling av kyrkjebøker, samarbeid med skulane/barnehagane, Tårnagenthelg og Lys Våken.
-
Invitere frivillige til å bidra i arbeidet, og fylgje dei frivillige opp.
-
Konfirmantarbeid saman med prest og evt. andre tilsette/frivillige
-
Det kan også verta aktuelt med kyrkjelydstilbod for andre aldersgrupper.
Ein ynskjer at kyrkjelydsarbeidar skal ha fridom til å utforme eit tilbod basert på eigne interesser og kvalifikasjonar. Men ein føreset at arbeidet skjer innan dei rammene som fellesrådet set, og at det innhaldsmessig skjer i samråd med sokneprest.
Vi tilbyr
-
Ei interessant og spanande stilling
-
Løn etter tariff (KA)
-
Medlemskap i KLP
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452781914
- Sist endret