Sommarjobb butikkmedarbeider - Urke Landhandel - Norangsfjorden
Urke Landhandel As
- Frist 1.5.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Vil du tilbringe sommaren i vakre omgjevnader -- tett på fjord og fjell -- og samstundes vere ein del av eit triveleg arbeidsmiljø?
No søkjer vi sommarvikarar til både butikk og camping på Urke Landhandel og Camping!
Vi treng deg som kan bidra med:
• Varepåfyll og orden i butikk
• Kassearbeid og kundeservice med eit smil
• Reinhald av servicebygg og fellesområde
• Inn- og utsjekk på camping
Hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du møter hyggelege gjestar frå både inn- og utland. Vi ser etter deg som er positiv, ansvarsfull og likar å ta i eit tak når det trengst. Du trivst med folk, jobbar sjølvstendig -- og bidreg til godt humør på arbeidsplassen.
Dette er ein perfekt sommarjobb for deg som vil ha erfaring innan service og handel, eller som rett og slett vil ha ein meiningsfull og kjekk sommarjobb i flotte omgjevnader.
Høyrest dette ut som noko for deg?
Ta kontakt -- vi gler oss til å høyre frå deg!
Søknad og CV sendast til urkelandhandel@gmail.com
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452682105
- Sist endret


