Psykologspesialist/Psykolog vikariat
Barne- og ungdomsklinikken/ Habiliteringsteneste, barn og unge, Helse Bergen HF
- Frist 20.3.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU) arbeider med barn og unge med nedsett funksjonsnivå. Vi arbeider for å betre livskvailiteten til desse barna og familiane deira. For å lukkast med dette har HABU eit tverrfagleg team kring barnet som består av legar, psykologar, spesialpedagogar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, sosionom, vernepleiarar, merkantile og logopedar.
Til saman er vi 30 høgkompetente medarbeidarar som vert motivert av teamarbeid og som brenn for å gje barn og unge ein betre kvardag. Vi har eit tett samarbeid med kommuneheletenesta og ein stor del av samfunnsoppdraget vårt er rettleiing og opplæring av ressurspersonar kring barnet.
Vi søker nå Psykologspesialist/Psykolog til vikariat i eitt år. Vi søker deg som har erfaring i frå arbeid med barn med nedsett funksjonsevne, og som ønsker å gjere ein forskjell for desse.
Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram merknadsfri politiattest (vandel). Jfr Lov om helsepersonell §20A.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og diagnostikk av barn og unge
- Arbeid med familie- og nettverk der rådgiving, rettleiing og undervisning til familie og lokalt hjelpeapparat inngår
- Vere ein aktiv bidragsytar i fagutvikling
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykolog
- Ønskeleg med kompetanse og erfaring frå arbeid med utgreiing og oppfølging av barn og ungdom med nedsett funksjonsevne
- Du har kompetanse og erfaring frå tverrfagleg og tverrsektorielt habiliteringsarbeid
- Du har god formidlingsevne, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du har evne til å sjå ressursen i barna og omgjevnadane
- Du har eit godt lag med folk og får fram det beste i dei, både pasientar og kollegaer
- Du kan jobbe sjølvstendig og strukturert og utvise stor grad av ansvarlegheit
- Du fremmer eige fag samstundes som du er lydhøyr for andre i eit tverrfagleg team
- Du trivast i eit aktivt og travelt miljø og likar varierte arbeidsoppgåver og utfordringar
- Du er ein fleksibel og omgjengeleg lagspelar med god arbeidskapasitet
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet og for å jobbe med barn og ungdom
- Du deler raust av din kunnskap og di erfaring får fram det beste i andre
Vi tilbyr
- Ein arena for læring og utvikling i lag med kompetente og spesialiserte fagpersonar
- Tverrfagleg samarbeid og ein heilskapleg tilnærming til barn og unge
- Eit arbeidsmiljø med høgt fagleg nivå, engasjerte kollegaer og tydeleg pasientfokus
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Pernille Schaathun Berge, Seksjonsleiar, 55978319, pernille.berge@helse-bergen.noTonje Håvardstun, Ass Seksjonsleiar, 55978312, tonje.havardstun@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5085621059
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 20.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452550726
- Sist endret




