U-18-etterforskar/etterforskar
Møre og Romsdal Politidistrikt
- Frist 10.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi har ledig to faste stillingar som etterforskar ved Kristiansund politistasjon, seksjon for etterretning, førebygging og etterforsking.
Den eine stillinga vil primært ha etterforskingsoppgåver innan U18-saker dei første to åra, og den andre stillinga vil primært ha etterforskningsoppgåver innan U18-saker det første året, ved avsnitt for etterretning og førebygging. Etter dette kan du bli tildelt andre etterforskningsoppgåver innanfor varierte sakstypar ved avsnitt for etterforskning, avhengig av behova ved seksjonen på tidspunktet.
Som U-18 etterforskar vil du jobbe særskilt tett på andre etterforskarar innan øvrige fagområde i politiet og eksterne aktørar. Det er moglegheit for eit breitt og variert oppgåvesett i stillingane. Den operative førebyggjande patrulja vil i hovudsak utføre oppgåver innanfor Kristiansund politistasjonsdistrikt, samt øvrige politistasjonsdistrikt på Nordmøre. I periodar må ein pårekne arbeid innan andre tjenesteområde, avhengig av behov i driftseininga. For deg som ønskjer det, vil du få delta i støtteliste ved vakt og beredskap kvar fjerde helg og inngå i den operative beredskapen.
Kristiansund og Nordmøre byr på mektige naturopplevingar, og med nærmare 60 000 innbyggjarar er her er eit mangfoldig tilbod innan fritidsaktivitetar og kulturelle opplevingar.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter deg som er motivert og interessert i etterforskingsfaget. Vi stiller høge krav til arbeidsmoral og etisk integritet. Du trivst med ein variert arbeidskvardag, med å identifisere nødvendige gjeremål og å få desse gjennomført åleine eller i lag med andre.
Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- etterforske U-18-saker og andre tildelte straffesaker, sjøvstendig og i team
- kriminalitetsførebyggjande arbeid
- publikumsmottak
- utføre etterforsking med politiarbeid på staden (PPS) som arbeidsmetode
- mogelegheit for støtteliste ved vakt og beredskap (krev min. IP4-godkjenning) og krimvakt i helg
- bidra med rettleiing og ved opplæring/kompetansehevande tiltak ved eininga
- andre oppgåver som høyrer til den daglege tenesta ved eininga
- kan påleggast andre oppgåver
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- bestått grunnutdanning frå Politi(høg)skulen ved tiltreding. Vitnemål og karakterskjema skal leggast ved søknaden, sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema2023.xlsx
- god skriftleg og munnleg formidlingsevne
- plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga
Det er også ønskjeleg med
- relevant erfaring frå politiet
- etter-/vidareutdanning innan etterforsking
- ha IP4-godkjenning, eventuelt kunne bli godkjent på nytt
Personlege eigenskapar
- motivasjon og interesse for etterforskingsfaget
- gode samarbeidsevnar både internt og eksternt
- sosial kompetanse, evne til å skape gode relasjonar
- evne til å byggje tillit hos publikum og gode kommunikasjonsferdigheiter.
- sjølvstendig og med høg gjennomføringsevne
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- ei utviklande stilling gjennom varierte oppgåver og tidleg ansvar ved Kristiansund politistasjon
- for særskilt kvalifiserte/erfarne kandidatar tilbyr vi stilling som 0285 politiførstebetjent (lønn: Kr. 650 000 - kr. 720 000) eventuelt politioverbetjent (kr. 680 000 - kr. 760 000), jmf. lokale retningslinjer. Alternativt stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457), avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 640 000 til kr. 730 000
Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 585 000 til kr. 635 000
Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 560 000 til kr. 610 000
Ved eventuell endring av tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området - godtgjersle etter gjeldande ATB, for tida på kr. 44 708, og tillegg for eventuell turnusteneste
- medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar, les meir på www.spk.no. Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
- mogelegheit for trening i arbeidstida
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer duDu søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. For avgangsstudentar 2026 må vitnemål ettersendast før tiltreding.
Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452542511
- Sist endret