ID 1046 - Lærling frå haust 2026 i Fitjar kommune
Fitjar Kommune
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Lærling
Du må skrive i søknadsteksten kva fag du søkjer deg som lærling innan. Me søker etter lærling innan faga:
-
Helsefagarbeidar
-
Ernæringskokk
-
barne- og ungdomsarbeidar
Fitjar kommune er ein triveleg arbeidsplass som byr på varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter til både fagleg og personleg utvikling.
Me ser etter deg som:
-
Er motivert og interessert i faget og vil bidra med eigeninnsats og engasjement.
-
Viser omsyn og respekt.
-
Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
-
Kan kommunisere med menneske med ulik bakgrunn og i ulike situasjonar.
-
Viser forståing for andre.
-
Viser ansvar og er påliteleg.
-
Fullført eller gå på Vg2
Me kan tilby:
-
Løn etter tariff.
-
Godt arbeidsmiljø.
-
Gode læresituasjonar.
Som lærling vil du få god opplæring i eit profesjonelt miljø, men det krev også pålitelegheit, eigeninnsats og engasjement for å lykkast og utvikle deg i faget.
Vi ser etter deg som er nysgjerrig, engasjert og klar for å ta ansvar for eigen læring og utvikling. Tilsetjing etter gjeldande lov- og avtaleverk for lærlingar i kommunal verksemd. Attestar og vitnemål tas med til eit eventuelt intervju.
Lærling helsefagarbeidarØnskjer du å gjere ein forskjell i menneskers liv? Som lærling i helsefagarbeid vil du få verdifull erfaring innan pleie og omsorg. Du vil jobbe tett med erfarne fagfolk og bidra til å gi våre innbyggjarar den beste omsorga.
Som lærling i helsearbeidarfaget vil du få god opplæring i å yte praktisk hjelp, pleie og omsorg til menneske som treng det. Du får jobbe med menneske i forskjellige aldrar og livssituasjonar. Det kan vere born, vaksne og eldre med ulike funksjonsvariablar og sjukdommar eller behov for rehabilitering. I løpet av læretida vil du få praksis på sjukeheim, heimebaserte tenester og avdeling Habilitering.
Lærling kokkHar du ein lidenskap for matlaging og ønskjer å utvikle dine kulinariske ferdigheiter? Vi tilbyr ein spennande lærlingplass der du får moglegheita til å jobbe i vårt kjøkken og lære av dyktige kokkar. Du vil vere med på å lage næringsrike og smakfulle måltid til våre innbyggjarar.
Som kokkelærling vil du få omfattande opplæring i eit profesjonelt kjøkkenmiljø, inkludert lære om IK-Mat (Internkontroll Mat), som sikrar at maten me serverar er trygg og av høg kvalitet. Du vil få vegleiing og oppfølging av erfarne kokkar som vil hjelpe deg med å utvikle dine ferdigheiter og nå dine læringsmål.
Lærling barne- og ungdomsarbeidEr du glad i å jobbe med barn og ungdom? Som lærling i barne- og ungdomsarbeid vil du få moglegheita til å bidra til ein trygg og utviklande kvardag for våre yngste innbyggjarar. Du vil jobbe i barnehagar, skular og skulefritidsordning (SFO), og vere med på å planlegge og gjennomføre aktivitetar.
Som lærling i barne- og ungdomsarbeid vil du få erfaring frå ulike arbeidsplassar. Du vil få opplæring i pedagogiske metodar og teknikkar som fremjar sosial og motorisk utvikling hjå barn og unge. Du vil vere med på å planlegge og gjennomføre aktivitetar som bidreg til læring, leik og utforsking. Du vil lære å samarbeide med anna pedagogisk personell, barn, unge og føresette for å skape eit trygt og utviklande miljø.
For å søke om læreplass så må du registrere deg i VIGO. Ved å søke her så blir du linka over til Fagbrev.io der det er fagopplæringskontoret i ytre sunnhordland som får søknadane og tilset i lag med kommunen.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452523844
- Sist endret
