Seksjonsleiar for kultur, idrett og bibliotek
Kulturområdet, Møre og Romsdal fylkeskommune
- Frist 16.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med og utvikle framtidas kultur- og idrettstilbod i Møre og Romsdal?
Kulturavdelinga søker ein seksjonsleiar til seksjon for kultur, idrett og bibliotek som er særleg sterk på utvikling, nyskaping og heilskapleg tenking. Vi ser etter ein leiar som løftar blikket, ser nye moglegheiter og som omsett idéar til varig samfunnsverdi.
Om stillinga
Som seksjonsleiar får du ei nøkkelrolle i utviklinga av tilbod og tenester innanfor fagområda kultur, idrett og bibliotek. Du skal leie ein kompetent fagseksjon fordelt på tre lokasjonar og bidra til at fagområda kultur, idrett og bibliotek er tydelege drivkrefter for utvikling av god folkehelse og regional samfunnsutvikling i Møre og Romsdal.
Seksjonsleiar har fag-, resultat- og personalansvar for fagområda og porteføljen som ligg til seksjonen. Stillinga kombinerer strategisk leiarskap med tett samhandling med kommunar, institusjonar, frivillig sektor og andre samfunnsaktørar.
Vi har arbeidsstader i Kristiansund, Molde og Ålesund, og du må vere budd på å arbeide i heile fylket. Primær arbeidsstad dei første 6–12 månadene er Molde. Etter denne perioden kan du velje mellom kontorstadane Ålesund, Molde og Kristiansund.
Arbeidsoppgåver
Dine viktigaste oppgåver er:
- leie og vidareutvikle seksjonen og medarbeidarane med vekt på innovasjon, læring og utvikling
- identifisere og realisere nye moglegheiter i skjeringspunktet mellom kultur, idrett, bibliotek og samfunn
- bidra til heilskapleg og langsiktig politikkutforming og tenesteutvikling
- stimulere til nye samarbeidsformer og partnarskap
- omsette politiske mål og samfunnsutfordringar til konkrete utviklingsløp
- vere ein pådrivar for endring og fornying av organisasjon og vårt samspel med omverda
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har:
- relevant høgare utdanning på masternivå, fortrinnsvis innan leiing, idrett eller kulturfag
- leiarerfaring der du kan vise til oppnådde resultat
- erfaring med innovasjons-, utviklings- og endringsarbeid
- erfaring med medverknadsprosessar og prosessleiing
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Det er ønskeleg at du også har:
- erfaring frå seksjonen sine fagområde
- god digitalt kompetanse og interesse for nye arbeidsformer
- gode relasjonelle og analytiske evner
- kunnskap om offentleg verksemd og politiske prosessar
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein leiar som:
- er utviklings- og framtidsretta
- tenker heilskapleg og ser samanhengar på tvers av fag, sektorar og nivå
- har ein inkluderande og tydeleg leiarstil
- er nysgjerrig, modig og open for nye løysingar
- har god rolleforståing og god dømmekraft
- har god gjennomføringsevne og høg arbeidskapasitet
Vi tilbyr
- ei strategisk og meiningsfull leiarstilling med handlingsrom til å skape retning og utvikling
- høve til å påverke samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal
- eit kompetent fagmiljø og engasjerte samarbeidspartnarar
- utvikling og kollegastøtte i kulturdirektøren si leiargruppe
- gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Heidi-Iren Wedlog Olsen, Kulturdirektør, +47 48281547Arbeidsstad
Julsundvegen 96412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5078845984
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452477460
- Sist endret
