Inspektør
Arbeidstilsynet
- Frist 18.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Inspektør tilsyn Ålesund
Har du lyst til å jobbe for eit godt arbeidsliv i Noreg? No har du moglegheita!
Arbeidstilsynet arbeider for at alle arbeidstakarar i Noreg skal ha eit trygt og godt arbeidsmiljø.
Arbeidstilsynet skal vere aktivt, synleg og til stades i arbeidslivet. Me legg premissar for, og følgjer opp, at norske verksemder held eit høgt nivå på helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid.
Tilsyn er vårt viktigaste verkemiddel for å kontrollere at landets verksemder oppfyll krava i arbeidsmiljøregelverket. Tilsyn inneber både kontroll og rettleiing i verksemder i ulike næringar og bransjar. Tilsyn er ofte retta mot organisatoriske forhold, psykososiale faktorar, ergonomi, teknisk tryggleik, førebygging av ulykker, samt kjemiske og biologiske arbeidsforhold.
Me søkjer no ein inspektør til kontoret vårt i Ålesund. Her vil du verte del av eit tverrfagleg miljø med juristar og inspektørar frå ulike fagområder. Me søkjer deg som har kompetanse om korleis kjemiske, fysiske og biologiske forhold påverkar eit arbeidsmiljø. Som inspektør vil du vere mykje ute i verksemder på tilsyn og jobben inneber derfor noko reiseaktivitet.
Dine arbeidsoppgåver vil i hovudsak vere å
planleggje, gjennomføre og følgje opp tilsynssaker i tråd med planar, rutinar og regelverk, særleg innan kjemiske, fysiske og biologiske forhold
rettleie både internt og eksternt i tråd med relevant regelverk
samarbeide med kollegaer, tilsynsmyndigheiter og samarbeidande etatar
Du må ha
relevant høgare utdanning, fortrinnsvis innan yrkeshygiene, inneklima, miljø eller tilsvarande område
yrkeshygienisk kompetanse
har god formidlingsevne, både skriftleg og munnleg på norsk, og evne til å kommunisere munnleg på engelsk
førarkort klasse B
Det er ein fordel om du også har
sertifisering som yrkeshygienikar
relevant arbeidserfaring frå HMS-arbeid
kunnskap om arbeidsmiljølova sine krav til verksemdene sitt arbeidsmiljø
erfaring frå tilsynsarbeid, rettleiing eller liknande roller
erfaring frå saksbehandling og arbeid med regelverk eller skjønnsutøving
kjennskap til forvaltningslova og offentleglova
For å lukkast i rolla må du trivast med samarbeid. Som person møter du folk på ein imøtekommande og samarbeidsvillig måte. Du må kunne bruke regelverk og skjønn trygt, og trivast med rettleiing i ei myndigheitsrolle. Me ser etter deg som jobbar strukturert, deler kunnskap, handterer fleire saker samtidig og fullfører oppgåver. Som kollega bidreg du positivt til arbeidsmiljøet, og du kjenner deg igjen i verdiane våre: modig, klok og tydeleg.
Personleg eignaheit blir vektlagt.
Me ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring, bakgrunn, fagkombinasjonar og perspektiv. Det gir eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løyse oppgåvene. Har du i periodar vore utan arbeid, utdanning eller opplæring, er du òg velkomen til å søkje jobb hos oss. Me tilrettelegg arbeidsplassen dersom du har behov for det.
Det er fleire gode grunnar til å jobbe i Arbeidstilsynet
Hos oss får du:
løn etter Statens lønsregulativ som inspektør kode 1343 (kr 610 000-750 000) eller seniorinspektør kode 1371 (kr 650 000- 830 000), avhengig av kvalifikasjonane dine
låne- og pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse: https://www.spk.no
gode ordningar: sjå kva me tilbyr våre ansatte
meiningsfulle arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
moglegheit til å medverke og påverke eigen arbeidskvardag
hyggelege kollegaer i eit utviklande læringsmiljø
Viktig å vite før du søkjer
Som tilsett i Arbeidstilsynet kan du normalt ikkje ha bierverv eller andre økonomiske interesser i verksemder som er underlagt Arbeidstilsynet sitt tilsyn.
Du kan be om unntak frå å bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må du grunngje i søknaden. Du må sjølv huke av for dette når du fyll ut informasjonen din i forbindelse med søknaden. Me tek kontakt med deg dersom unntaket ikkje blir innvilga.
Vitnemål og attestar må følgje søknaden. Me ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen når du søkjer stillinga.
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber me om autorisert omsetjing av dokument og vitnemål, samt godkjenning frå NOKUT eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (hkdir.no).
Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål om stillinga.
Kontaktperson er Hallvard Solevåg, seksjonsleder, Avdeling Tilsyn Vest, hallvard.solevag@arbeidstilsynet.no eller 957 78 951
FerdigheterAI-generert
- Kunnskap om relevante lover og forskrifter
- Yrkeshygiene
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Arbeidstilsynet kontrollerer at arbeidsmiljøloven følges og gir veiledning til ledere og ansatte om hvordan de kan bidra til et godt arbeidsmiljø for seg og sine kolleger. Hvert år fører vi tilsyn med arbeidsplasser over hele landet, og vi gir råd og informasjon om arbeidsmiljø på telefon, chat, e-post og på Facebook. Etaten har 750 ansatte og er underlagt Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 6019 Ålesund
- Bransje: Kjemisk industri
- Stillingsfunksjon: Dokumentasjon, HMS, Saksbehandler
Nøkkelord
tilsyn, rettleiing, hms, yrkeshygiene
Tilsyn og rettleiing
Annonseinformasjon
- FINN-kode 453567945
- Sist endret

