
Leiar for HR-seksjonen (avdelingsdirektør - fast stilling)
Kultur- og likestillingsdepartementet
- Frist 12.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du klar for ei spanande leiarrolle i hjartet av Kultur- og likestillingsdepartementet?
Departementet har høgt kompetente og engasjerte medarbeidarar og eit godt arbeidsmiljø. Vi søker no etter ny leiar for HR-seksjonen som skal medverke til at departementet både er ein attraktiv arbeidsplass og vidareutviklar organisasjonen.
Seksjonen har ansvar for rekruttering, personal- og lønnsforvaltinga i departementet og eit særskilt ansvar for leiar-, kompetanse- og organisasjonsutvikling. I tillegg legg seksjonen til rette for samarbeidet mellom dei tilsette og arbeidsgjevar om viktige avgjerder og ivaretaking av arbeidsmiljøet. Drift og utvikling av verktøy for verksemda, interninformasjon og ansvar for lærling (intranett) i departementet ligg òg til denne seksjonen. Seksjonen gir dessutan råd og rettleiing innan fagområdet sitt til underliggande verksemder.
Arbeidsoppgåver
leie og følgje opp langsiktige og kortsiktige oppgåver i seksjonen og personalansvaret for dei tilsette
sikre at arbeidet i seksjonen har høg fagleg kvalitet
leie lønnsforhandlingar og forvalte personal- og lønsbudsjettet i departementet
gi råd og støtte i personal- og organisasjonspørsmål
inngå i leiargruppa i avdeling og bidra aktivt i arbeidet med å vidareutvikle avdelinga og saksfelta ho har ansvar for
Seksjonsleiaren rapporterer til assisterande departementsråd, som er øvste leiar for administrasjonsavdelinga.
Frå 2027 skal det etablerast fleire fellesfunksjonar på HR-området for departementa. Det kan difor bli endringar i oppgåver og ansvarsområde.
Kvalifikasjonar
Du må ha utdanning på masternivå, gjerne mastergrad i rettsvitskap/juridisk embetseksamen. Relevant erfaring kan kompensere for kravet til høgare utdanning. Du har engasjement for og kjennskap til seksjonen sine ansvarsområde. Vi søker ein lagspelar med stor arbeidskapasitet, leiarerfaring og gode leiareigenskapar.
Du har evne til å motivere og engasjere dei dyktige medarbeidarane dine og skape gode samarbeidsrelasjonar i og utanfor departementet. Du har gode evner til å organisere arbeidet, delegere og sørge for framdrift og gode leveransar til rett tid. Som leiar av seksjonen må du vere handlekraftig, kreativ og løysingsorientert, ha evne til analytisk og strategisk tenking og kunne utvikle felta seksjonen har ansvar for.
Stillinga krev at du er administrativt ryddig, har sans for tal og forstår rolla som leiar i eit departement. Det inneber òg at du har god forvaltingskompetanse og kan bidra godt i partssamarbeidet.
Som avdelingsdirektør skal du leie og utvikle seksjonen, som består av sju dyktige medarbeidarar. Du vil ha personalansvar, noko som inneber at du skal motivere medarbeidarane dine og bidra til at dei kan utvikle seg, og du skal sikre at seksjonen leverer oppgåver av høg kvalitet.
Seksjonsleiaren skal ha relasjonar til alle tilsette, dei ulike ledda og formelle foruma departementet har, og til eksterne aktørar. Det er derfor viktig at du kan fylle rolla godt i alle slike samanhengar. Du har godt humør og kommuniserer lett med alle, både skriftleg og munnleg. Vi vil leggje vekt på om du er personleg eigna til stillinga, og på kva motivasjon du har for stillinga.
Stillinga er eit embete, og du må difor vere norsk statsborgar for å bli tilsett. Den som blir tilsett i stillinga må kunna klarerast for tilgang til informasjon gradert HEMMELIG etter sikkerhetsloven.
Vi brukar bakgrunnssjekk frå Semac i rekrutteringsprosessane våre, og godkjend bakgrunnssjekk er ein føresetnad for tilsetjinga.
Arbeidsavtalen vil innehalde ein klausul om mogleg karantene og saksforbod ved overgang til ny stilling utanfor staten.
Vi tilbyr
Kultur- og likestillingsdepartementet har eit stimulerande arbeidsmiljø med kunnskapsrike, engasjerte, kompetente og resultatorienterte medarbeidarar. Kvardagen er prega av varierte og utfordrande arbeidsoppgåver og eit hyggjeleg og uformelt arbeidsmiljø. Du får brukt kunnskapane dine i samarbeid med andre, og gjennom oppgåveløysing får du høve til å halde deg fagleg oppdatert.
Vi held til midt i Oslo sentrum og flyttar no inn i det nye regjeringskvartalet. Som tilsett hos oss har du fleksibel arbeidstid, høve til å trene i arbeidstida, pensjonsordning og rett til å søkje bustadlån gjennom Statens pensjonskasse. Vi har òg eit eige introduksjonsprogram for nytilsette.
Du vil bli innplassert som avdelingsdirektør i stillingskode 1218 med ei brutto årslønn frå 1 060 000 kroner til 1 270 000 kroner. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vere aktuelt.
Som leiar hos oss får du ansvar for spennande og fagleg utfordrande arbeids- og leiaroppgåver.
Kultur- og likestillingsdepartementet er ein del av eit departementsfellesskap som er miljøsertifisert, og vi jobbar aktivt og systematisk med berekraftsansvaret i sektorane våre.
Kultur- og likestillingsdepartementet har eit kunnskapsrikt og stimulerande arbeidsmiljø. Kvardagen i HR-seksjonen er prega av høgt arbeidstempo, varierte og utfordrande arbeidsoppgåver og hyggelege kollegaer.
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønsker oss medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.
Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar frå underrepresenterte grupper. Les meir om krava for positiv særbehandling på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten?size=n_20_n).
Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Offentleg søkjarliste og kontakt
Dei som søkjer, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkjarlista. Departementet vil svare på oppmodinga før søkarlista blir gjord offentleg.
Vil du ha meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med assisterande departementsråd Henning Henriksen, på telefon 414 01 926.
Om avdelinga
Administrasjonsavdelinga har ansvar for personal- og lønnsforvalting, utviklingsarbeid, HMS- og IA-arbeid, informasjonsforvaltning, tryggleik og beredskap, økonomi- og budsjettsaker, koordinering av høyringssaker og samordningsoppgåver på tvers av avdelingane. Avdelinga har om lag 30 medarbeidarar fordelte på fire seksjonar.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Kultur- og likestillingsdepartementet har ansvar for den statlege politikken og forvaltninga på områda kultur, likestilling og diskriminering, opphavsrett, medium, idrett, frivillig verksemd og pengespel og lotteri. Departementet har om lag 160 tilsette fordelte på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining. Meir informasjon om departementet finn du på www.regjeringa.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Nye regjeringskvartalet, 0179 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451936742
- Sist endret


