Sommarjobb innan pleie, omsorg , reinhald og kjøkkendrift
Austevoll kommune
- Frist snarest
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Vi leitar etter deg som vil ha ein meiningsfull jobb i sommar
Om arbeidsstaden
Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV, psykisk helse og rus, kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg legge til rette med tenester tilpassa den enkelte sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Om stillinga
Vi søkjer engasjerte og omsorgsfulle sommarvikarar til Austevoll pleie- og omsorgssenter, heimetenesta og hovudkjøkkenet sommaren 2026.
Hos oss får du ein meiningsfull og variert arbeidskvardag, der du bidreg til tryggleik, trivsel og gode tenester for brukarar og bebuarane våre.
- Vi treng deg som vil arbeide innan pleie, i heimetenesta og på sjukeheimen.
- Stillingane i pleie inngår i turnus (kveld, dag, helg)
- I tillegg treng vi sommarvikarar til følgjande dagstillingar:
- praktisk bistand i heimetenesta
- reinhald på sjukeheimen
- hovudkjøkkenet.
Ansvar og arbeidsoppgåver
Heimetenesta og pleie og omsorgssenteret:
- Praktisk bistand og pleie
- Hjelp til daglege gjeremål og personleg hygiene
- Måltidshandtering, pleie, omsorg og støtte
- Dokumentasjon og samarbeid med gode kollegaer
- Skape gode og trygge dagar for brukarane
Hovudkjøkken:
- Tilrettelegging og produksjon av måltid
- Pakking og distribusjon av mat
- Reinhald og orden etter gjeldande rutinar
- Samarbeid med kjøkken - og pleiepersonell.
Kvalifikasjonskrav
Formelle kvalifikasjonskrav:
- Fylte 18 år (yngre søkjarar kan vurderast)
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Grunnleggjande og digitale ferdigheiter
- Førarkort klasse B (Gjeld heimetenesta)
- Helsefagleg erfaring er ønskeleg, men ikkje eit krav.
- Opplæring blir gitt
- Gyldig politiattest må leggast fram før tiltreding.
Personlege eigenskapar:
- Du er omsorgsfull, respektfull og trygg i møte med eldre menneske
- Du tek ansvar og arbeider sjølvstendig
- Du er fleksibel og løysningsorientert
- Du kan samarbeide med andre og jobbe i team
- Du er stabil og påliteleg
Studentar og elevar innan helse- og omsorgsfag vert oppmoda til å søkja.
Vi tilbyr
- God opplæring og rettleiing
- Eit inkluderande og fagleg godt miljø
- Ein meiningsfull sommarjobb med verdifull erfaring
- Løn etter gjeldande avtaleverk.
- Mogelegheit for å fortsette i helgestilling eller som tilkallingsvikar etter at ferievikariatet er slutt.
- Vi tilbyr bonustillegg for ferievikarar som studerer vernepleie eller sjukepleie, dersom du jobbar 4 veker eller meir i perioden juni - august.
- Gjennomført 1. studieår heiltid eller 2. studieår deltid: kr. 10000,-.
- Gjennomført 2. studieår heiltid eller 3. studieår deltid : kr. 20000,-.
Slik søker du på stillinga
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
FerdigheterAI-generert
- Tilberede og servere mat
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
Kommunen har eit folketal på om lag 5400 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!
- Sektor: Offentlig
- Sted: Birkelandsvegen 26, 5392 Storebø
- Bransje: Annet, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Eldreomsorg, Helsepersonell, Kjøkken- og kantinemedarbeider
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451931686
- Sist endret
