Helsefagarbeider og Assistent ved Meland sjukeheim
Alver kommune
- Frist 15.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi har ledig faste stillingar i ulike størrelsar, som helsefagarbeidar eller som assistent i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg på Meland sjukeheim. I tillegg søkjer vi helsefagarbeidarar til nattevaktsstillingane, også med jobb kvar 3. helg. Vi ønskjer tiltreding i stillingane snarast råd.
Om oss
Meland sjukeheim har to somatiske avdelingar. Nordgardstunet er ei somatisk sjukeheimsavdeling med 22 pasientar. Solkroken er ei korttidsavdeling med 12 pasientar. Som tilsett hos oss vil du få faglege utfordringar med komplekse sjukdomsbilete. Vi har eit godt arbeidsmiljø med lite utskiftning på faste tilsette, og mange som har heile stillingar. Meland sjukeheim arbeider med å styrkje kvalitet på tenesta. Verkemiddel her er mellom anna arbeid med årsturnus og heiltidskultur. Vidare gjev arbeid med årsturnus høve til å påverka eigen ferie og fritid. Vi utvider drifta og søker derfor etter fleire medarbeidarar med engarsjement for eldreomsorg.
Arbeidsoppgåver
- Som helsefagarbeidar eller assistent er du ein viktig del av den faglege standarden og utviklinga i avdelinga du arbeider på. Du arbeider sjølvstendig og i samarbeid med andre for å gi heilskapleg omsorg og behandling. Samarbeid på tvers av avdelingar og faggrupper er avgjerande for at bebuarane skal få best mogleg behandling og pleie. På grunn av utvida drift er dette ei kombinert stilling på tvers av avdelingane. Du inngår i det tverrfaglege samarbeidet mellom sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut, sjukeheimslege med fleir.
Ønskt kompetanse:
- Til stilling på natt krevs det autorisasjon som helsefagarbeidar. Til dei øvrige stillingane ønskjer vi fortrinnsvis søkjarar med helsefagarbeidar utdanning, men andre med erfaring og interesse for arbeid i eldreomsorg kan også bli vurdert. Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg Det er ønskelig med erfaring frå liknande avdelingar Det blir lagt vekt på gode samarbeidsevne og kommunikasjon med pasientgruppa.
Kven er du?
- Vi søkjer etter helsefagarbeidarar eller assistentar som har eit genuint engasjement for eldreomsorg, og som vil væra med på å utvikle sjukeheimstenesta til det beste for pasientar og kolleger. Du bidrar til eit positivt arbeidsmiljø og har fokus på samarbeid. Du er ein sjølvstendig medarbeidar, har eit godt fagleg fokus, og er samvitsfull i di utøving av yrket.
Me tilbyr
Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar Fagleg utvikling Årsturnus Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk God pensjonsordning gjennom KLP
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Vi arbeider med å utvikle vår digitale kompetanse, og nyttar mellom anna teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommunePolitiattestI tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451925577
- Sist endret