Ønskjer du ei spennande læretid med varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø?
Stab og støtte, Bremanger kommune
- Frist 31.3.2026
- Ansettelsesform Lærling
Er målet ditt å få fagbrev i service- og administrasjonsfaget? Bli ein del av eit fagmiljø med høg kompetanse og søk på ledig lærlingplass innan service- og administrasjonsfaget hos oss!
Bremanger kommune har ledige lærlingplassar innan service- og administrasjonsfaget frå hausten 2026. Vi tek òg imot søknadar frå lærekandidatar.
Som lærling vil du samarbeide tett med din rettleiar og andre medarbeidarar, og vi legg til rette for at du skal få brei erfaring innan ditt fagfelt.
Arbeidsoppgåver
- Førebuing til fagprøva gjennom å planlegge og gjennomføre aktivitetar knytt til læreplanområdet
- Skriftleg og munnleg informasjonsformidling
- Service, kundebehandling og rettleiing
- Innkjøp, budsjett-, rekneskap- og lønsarbeid, kontorstøtte-, administrasjons- og saksbehandlingssystem, bruk av kontorteknologiske hjelpemidlar og arkiv
Kvalifikasjonar
- Fullført og bestått relevant VG1 og VG2
- Kvalifisert til lærekontrakt
- Beherske data som verktøy
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg tilstrekkeleg til å utøve yrket forsvarleg
Personlege eigenskapar
- Som lærling i service- og administrasjonsfaget må du like å arbeide med mennesker
- Yte god service
- Arbeide planmessig, systematisk, rasjonelt og effektivt
- Evne til læring og omstilling er viktig
- Vilje til å stå på og hjelpe ein kollega når det trengs
- Kan takle ein hektisk og variert arbeidskvardag
Hos oss vil du få
Løn utover gjeldande tariff.
Løn som lærling er for tida 452.500,- pr. år i 100% stilling.
- 1. halvår - 40% av årsløn
- 2. halvår - 50% av årsløn
- 3. halvår - 60% av årsløn
- 4. halvår - 80% av årsløn
- Rettleiarar og instruktørar på praksisplassen med god og relevant fagleg bakgrunn og erfaring. Oppfølging av lærling skjer i samarbeid med opplæringskontoret
- Mogelegheit til eigenutvikling og refleksjon
- Trivelege arbeidsplassar med godt læringsmiljø
- Gode arbeidsmiljø med erfarne og engasjerte kollegaer
- Verdifull arbeidserfaring og godt dokumentert praksis
- Målretta rettleiing i både det teoretiske og praktiske arbeidet
- Gode forsikringsordningar
- Vi kan hjelpe til å skaffe bustad
- Du har forsikring heile døgnet
- God pensjonsordning i Kommunal Landspensjonskasse
Ved opptak til ein lærlingplass vil kommunen legge stor vekt på personlege eigenskapar. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Søkjarar med ungdomsrett som har bestått VG1 og VG2 vil vere prioritert. Søkjarar som ikkje har bestått enkeltfag kan likevel verte vurdert.
Vi håpar du ønskjer å verte lærling i Bremanger kommune og ser fram til å få deg med på laget!
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknader om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Kontaktinformasjon
Anita Solberg, KommunalsjefArbeidsstad
Gunnar Schjelderups Veg 316723 Svelgen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 5082491689
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Søknadsfrist: 31.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451798836
- Sist endret


