Lærar i programfag ved Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign
Borgund vgs, Møre og Romsdal fylkeskommune
- Frist 4.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi treng fleire lærarar!
Vi har ledig fast 20% stilling som faglærar i programfag ved avdeling Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign, med undervisningskompetanse i interiørfaget.
- Har du lyst til å undervise på ein av dei største og flottaste vidaregåande skulane i fylket?
- Kan du tenke deg utfordringa med å yrkesrette fellesfag?
- Vil du vere med i eit lærarkollegium som samarbeider tett om å hjelpe elevane med å meistre skulen og faga?
Då er du kanskje rett lærar for oss!
Arbeidsoppgåver
Som faglærar skal du:
- Planlegge og gjennomføre undervisning i programfaga i tråd med gjeldande læreplanar på vg1 og vg2.
- Være tett på elevane, legge til rette for meistring og gi dei faglege tilbakemeldinger som dei kan lære av.
- Samarbeide tett med bransjen og sørge for god dialog mellom skole og bransje.
- Følge opp at elevane får utplassering i bedrift.
Kvalifikasjonar
For å bli tilsett fast i denne undervisningsstillinga ønsker vi at du har:
- undervisningskompetanse i programfag ved Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign, med vekt på interiørfaget.
- har fagbrev og/eller høgare yrkesfaglig utdanning innan programområdet.
- generell god IKT kompetanse.
Personlege eigenskapar
Vi ønsker at du:
- Har gode samarbeidsevner og liker å lære saman med andre.
- Har evne til å danne gode relasjonar til elevane.
- Trivst saman med ungdom og ser kvar enkelt elev.
- Er tålmodig, vennleg og raus.
- Er fleksibel og løysingsorientert.
- Bidrar inn i profesjonsfellesskapet.
Vi tilbyr
- Eit stabilt, hektisk og spennande arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtalar.
Kontaktinformasjon
Julianne Synes Vågsholm, Avdelingsleiar, 97954561Roger Fylling, rektor, +47 93441678
Arbeidsstad
Yrkesskolevegen 206011 ÅLESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5082506691
Stillingsprosent: 20%
Fast
Søknadsfrist: 04.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451793202
- Sist endret
