Helsefagarbeidar, 64,68 % fast nattstilling
Bukollektiva, Sula kommune
- Frist 1.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med på laget? Vi søker deg som er lagspelar og fagleg dyktig!
Ved Bukollektiva, Molværsvegen 15/17/19 har vi ledig 64,68 % fast stilling på natt for helsefagarbeidar. Turnus med arbeid kvar 3. helg. Tiltredelse 01.04.2026 eller etter avtale.
Søknadsfrist 1. mars 2026
I Bukollektiva arbeider vi for å skape tryggleik for bebuarar og pårørande, gi omsorg og skape gode rammer basert på faglege vurderingar. Vi arbeider aktivt for å skape gode arbeidsmiljø og har høgt fagleg fokus.
Molværsvegen 15/17/19 er bukollektiv med heildøgns omsorg for personer med sjukdomen demens. Avdelingaen er adskilte, men har felles leiing og det er nært samarbeid både fagleg og sosialt.
Ønsker du å arbeide med denne bebuargruppa og vil vere med på utvikling av tenesta er du velkomen som søkar!
Arbeidsoppgåver
- Målretta og planbasert arbeid for å gi bebuarar eit tilpassa tilbod i rolege og trygge omgjevnader samt fokus på ivaretakelse av eigne ressursar
- Praktisk hjelp
- Primærpleie
- Miljøretta oppgåver
- Medisinhandtering
- Nært samarbeid med pårørande
Kvalifikasjonar
- Autorisert helsefagarbeidar
- Vidareutdanning og/eller erfaring med sjukdomen demens kan vere ein fordel
- Gode munnlege og skriftlege norsk-kunnskaper er ein føresetnad
- Gode datakunnskaper
- Erfaring med Helseplattformen kan vere ein fordel, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
Vi søker ein positiv og løysningsorientert kollega som er engasjert, kunnskapsrik og som vil vere med å bidra til eit godt miljø for bebuarar og kollegaer. Du har ei genuin interesser for demensomsorg og ønsker å vere ein aktiv bidragsyter for å gjere kvar dag best mogleg for bebuarar og pårørande. Du trivast med varierte og utfordrande arbeidsdager og evner å arbeide strukturert samstundes som du er fleksibel. Du er god på kommunikasjon og samspel med både kollegaer og tenestemottakarar.
Du må vere ein lagspelar og samstundes kunne arbeide sjølvstendig.
Personlege eigenskaper vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Inkludering i eit godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- God opplæring og nærleiing
- Fokus på demensomsorg og fagleg utvikling
- Tilbod om deltaking i refleksjonsgrupper
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Gratis parkering
- Tillegg for relevant vidareutdanning
Kontaktinformasjon
Catharina Klokk Eide, Avdelingsleiar Molværsvegen 15/17/19, 48074239, catharina.klokk.eide@sula.kommune.noCecilie Ørjasæter, Einingsleiar, 91596764, Cecilie.Orjasaeter@sula.kommune.no
Arbeidsstad
Molværsvegen 176030 Langevåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sula kommuneReferansenr.: 5047016739
Stillingsprosent: 64,68%
Fast
Startdato: 01.04.2026
Søknadsfrist: 01.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451787681
- Sist endret



